Hardingfeletradisjon

Samnanger har ein rik feletradissjon.

Vi har laga ei kortfatta “felehistoria i Norge sett frå Samnanger”. Ein telemarking eller ein harding vil nok ha eit anna syn på kva som er viktig. “Hurtigkurset” handlar om felebygging. Vi har mykje stoff om felespelarar frå Samnanger, meir av dette vil bli publisert. Årbøkene har fleire artiklar. Tveitafelene vert omtala i årbok 2013, og røyrbotnfelene i årbok 2008.

Vi har også til sals ein film, der Peder Ådland gir eit oversyn over feletradisjonane i Samnanger. Den kan du kjøpa ved å henvenda deg til ein i  styret.

Hausten 2018 hadde vi ei utstilling av gamle feler, og foredrag om felemusikk og felebygging. Då inviterte vi publikum til å ta med feler dei hadde heime. Mange for oss ukjende feler dukka opp.

Årsaka til at vi lagde utstillinga, var at vi kom over fela til Knutin Kleppe, da halve Kleppsgarden vart seld. Fela til Knutin er nå reparert, og er utstilt i biblioteket på Bjørkheim.

Knutin Kleppe 1876-1961, og fela hans før ho vart reparert

Knutin Kleppe