Vellukka felekveld i biblioteket 13. september.

Vel 50 frammøtte i biblioteket denne kvelden fekk høyra Sigvald Rørlien frå Ole Bull akademiet fortelja om korleis ein lagar ei fele. Og når fela er ferdig må ho prøvast. Så difor spela han eit par slåttar for oss.

Torfinn Kolle, stammar frå Sævild.  Der heldt brørne Lars og Andreas Sævild til. Både var særs gode felespelarar, og Lars bygde jamvel gode feler. Torfinn ga oss eit fint foredrag om Lars og Andreas , som var brørne til farmora hans. Han hadde med opptak av far sin, Gunnvald Kolle, som spelte slåttar, mellom andre  Rosendalsvalsen, som Lars har dikta og tonsett.

Det var mange som hadde tatt med feler dei har liggjande, og historielaget fekk registrert desse. Denne fela er ei Sævillafele som er laga av Lars Sævild. Vi er interessert i å få registrert flest mogleg av felene i bygda, så ta gjerne kontakt om du har ei fele liggjande.

Utstillinga vi lagde i samband med felekvelden, sto i biblioteket ei tid.  Vi la her vekt på hardingfela sin  historikk og spesielt den rike feletradisjonen vi har i Samnanger.

Nå som utstillinga er tatt vekk, legg vi henne ut her på heimesida, og meire stoff kjem nok til etter kvart.