Frakteskutene og fisket.

Historia om Samningane sitt engasjement på sjøen kan lese om i årbøkene frå 2017-2023

Biletet viser ei seilskøyte på Tysse tidleg på 1900-talet.  Skøyta og jekta var båttypar som blei brukt i lang tid i kysttrafikken, før dampskip og motorbåtar kom i bruk.  På 1800-talet hadde Samnanger fleire jekteskipparar. Det var også to galeasar, altså tomastra seglskuter, som høyde til her i gygda. Samnanger sin rikaste mann på 1800-talet var Mons Kleppe, og han skaffa arbeid til mange. Da Os kommune (som Samnanger var ein del av), fekk sin første sparebank, var det i Tysse banken kom. Mons Kleppe var ein av dei som sørga for kapital til banken. Det var mange samningar som var med i trafikken med transport av klippfisk frå Lofoten til Bergen, og det kom store inntekter til bygda frå denne verksemda.

Da båtane vart motoriserte frå om lag 1920, begynte ein ny æra på sjøen. Både fiske og transport har vore viktige næringsvegar i Samnanger, og det er mange som har livnært seg av sjøen både direkte og indirekte.