Hurtigkurs om hardingfeler.

 

Dette er eit tekstilfragment frå middelalderen, funne under Uvdal stavkyrkje. Truleg viser det ei fidla, eit instrument med understrengar, som han ha vore eit ein av forgjengarane til fela. Det er morsomt å tenke på at Fiddle er det engelske ordet for strykeinstrumenter, helst fiolin, men truleg vil dei også kalla ei fele for fiddle. (Universitetes oldsaksamling i Oslo.)

Ingen veit noe sikkert om opphavet til Hardangerfela.

Alle kan sjå likskapen mellom ei hardingfele og ein fiolin. På 1600-talet bygde italienarane fiolinar. Somme nordmenn var i krigsteneste for kongen i København, og kan ha lært felebygging ein plass i Europa. Det var også kontakt gjennom handel, med hanseatar, hollendarar og ikkje minst skottar, som kom for å handla tømmer og plankar.

Men Understrengane kor kjem dei frå? Frå sagalitteraturen kjenner vi eit instrument som dei kalla Fidla. Den kan vera det same instrumentet som fansti Europa, eit flatbotna strykeinstrument, med understrenger.Det fanst truleg også noko dei kalla gigla, med 3 strenger. Den var meir klumpete, og utan hals. Begge instrumenta skal opphavleg vera frå Midtausten.

Ein teori går ut på at Isak Botnen, som får æra for å ha bygd dei første hardingfelene, har vore inspirert av understrengane på fidla, og bygd dei

inn i ein fiolinliknande instrumentkropp. Stortingsmannen Nils Skår, f 1871, stammar frå Botnen. Han har fortalt at Isak Botnen rundt 1680 skal ha fått tak i ei fidla. Det likna ein tresko eller ei ausa. For å få lyd, vart det brukt ein liten stokk til å slå på strengene med. Då Isak seinare fekk sjå flatfela til Austlands-Pål, dekk han ideen om å laga ein mellomting mellom desse to.

Det er berre å innsjå det: Hardingane var først ute.

Botnen ligg inst i Fyksesundet. Isak Botnen vart fødd i 1669 på garden Skar, som ligg høgt over fjorden, litt lengre ut mot Fyksesundet. Isak har fått æra for å ha funne opp hardingfela. Han skal ha blitt inspirert av ein fiolin frå Tyskland (ho kan vel også ha hatt opphav i Italia). Fela kom til Skar med austlending, Austlands-Pål.

Isak sine feler er dei første ein kjenner opphavet til, og han lagde svært gode feler. Han, og særlig sonen Trond Botnen, vart rike på feleproduksjonen sin, og dei selte feler over store delar av landet. Den første fela vi veit, som er laga av Isak, er frå 1692.

I samband med feleprosjektet der ein registrerte det ein kom over av norske feler, viste det seg at Jaastadfela må vere laga før Isak Botnen vart fødd. Ole Jonsen Jaastad (1621-1694) var lensmann i Ullensvang.Fela som ein trur er etter han, har ein lapp inni der det står Ole Jonsen Jaastad 1651. Somme har trekt årstalet i tvil. Men vitskaplege undersøkingar har ikkje klart å vise atfela ikkje kan vera frå 1651.

Så då har Jaastadefela truleg vorte laga over 40 år før Isak laga den første fela si.

Mellomspel.

Frå vår ståstad er det som skjer frå den siste fela til Trond Botnen og den første fela til Johannes Bårdson Tveit, eit mellomspel.

Hardingfelene fekk stor utbreiing. Mange tok til å byggja feler. Vi finn felebyggjarar i Hardanger og Bergen (Hardingar, folk frå Søfteland, Jølster, Naustdal og til og med Trondheim, som tok borgarskap i Bergen). Heile vestlandet, Valdres, Hallingdalen og Telemark utvikla ein felebyggjartradisjon.

I Telemark har ein faktisk funne spor etter felebygging tilbake til 1690, åra. Det er da den første Botnafela skal være bygd av Isak Botnen. På Helland i Telemark, vidareutvikla dei fela meir i retning fasongen på ein moderne fiolin. Erik Johnsen Helland (1816-1868)har æra for mykje av dette utviklingsarbeidet. Fela fekk ein annan fasong som ga henne ein sterkare klang. Ole Bull og Myllarguten nytta begge Hellandfeler.

Hellandfelene vart eit varemerke og 4 generasjonar Helland har heilt fram til 1970-talet produsert svært mange gode feler frå Telemark.

Den første gongen ordet Hardanger-fele vert brukt, er i 1840 av Henrik Wergeland.

Tveitafeler –også kalla Samnangerfeler

Johannes Bårdson Tveit (1786-1847) var ein av dei mest produktive felemakarane på Vestlandet på 1800-talet.

I resten av landet vart felebygginga endra mykje på 1800-talet, dei tok etter Hellandsfelene frå Telemark og moderniserte bygginga. Men Johannes Bårdson Tveit ogAnders Helldal frå Hosanger sto imot denne utviklinga, og var tro mot tradisjonen frå Botnafelene. Tveitafelene er svært like Trondafelene etter Trond Botnen. Spelemennene på vestlandet på 1800-talet likte disse felene betre enn Telemarksfelene.

Den eldste kjende Tveitafela er bygd i 1812. Då var han 26 år. Denne fela var tidlegare i ein instrumentsamling i Lisboa, men er nå forsvunne. Han produserte feler i mange år, men på sine eldre dager fekk han gikt i fingrane. Pietistane i bygda ville ha det til at dette var Guds straff. Han hadde synda ved å laga feler som vart brukt til fest og dans. Mange brende

då Tveitafelene sine. Men heldigvis er det fortsatt nokre feler igjen. Feleprosjektet har registrert 19 Tveitafeler. Det fins Tveitafeler på Siljustøl, i Oxford, i Minneapolis og i Vermillon i USA.Av dei kjende Tveitafelene som fortsatt fins, er vi heldige å ha ei her i bygda.

Knut Myrland og Røyrbotnfelene

Knut Myrland (1851-1956) var utdanna skreddar, og dyktig i faget sitt. Han var fødd på Myrland, rettsør for Fitjavatnet. Far hans flytta til Røyrbotn, som ligg på garden Grønsdal. Til sist budde han på Reistad rett nord for Nikkeneset. Han kjøpte seg tomt der, og bygde hus i 1911.

På Voss lærde han seg å spela fele. Nils Lauvskar skriv at spelet hans var mjukt, kjenslevart og taktfast, og difor vart han mykje nytta som spelemann i mange bryllaup.

Han kjøpte feleformene og anna verkty som Johannes Bårdson Tveit hadde brukt. Felene hans var gode og etterspurde. Han arbeidde over 100 feler, og heldt på til han var 94 år.

Felene han har laga har vore kalla Røyrbotnfeler, Grønsdalsfeler eller Myrlandsfeler. Inni felebotnen sit det som regel ein papirlapp med namn på den som har laga fela. Han har brukt forskjellige etternamn etter som han har flytta.

Feleverktyet etter han er teke vare på, og formene er altså truleg dei same som Tveitafelene er bygd med.

Alfred Skar 1905-1985

Alfred Skar lagde mange feler, og spelte sjølv. Han arbeidde på under krigen som arbeidspliktig, med oppsetting og vedlikehald av brakker. Seinare var han ved anlegget i Grønsdalen, og så i Matre. Der var han til han vart førtidspensjonert i 60-års alder. Etter dette kunne han konsentrera seg heilt om hobbyen sin, å bygga feler.

Både han og brørne hans spelte, men ikke offentleg. Konasin familie, het Hesjedal, og også der var det fleire som spelte. Familieselskapa var fulle av musikk.

Over ser dubilde av Alfred Skar og ein del av utstyret han brukte. Roger Skar var ofte med han som gut og så på når han arbeidde med felene.

Roger hartatt vare på alt utstyret og formene. Utstyret var enkelt, og ein del har han laga sjølv, f eks skyvelæret.

Andre Samnangerfeler

Det er mange som har lagd feler her i bygda.

Den siste vi veit om, er Alfred Skar (1905-1985). Han vart førtidspensjonert istarten på 60-talet. Han og kona budde på Ytre Tysse, og sonen Olav og kona budde der nokre år før dei flytta til Steinsland. Roger, som Alfred var farfar til, var mykje med mens Alfred lagde feler. Han har tatt var på feleformene etter Alfred, og har sett utstyret i bruk. Både Alfred og broren Nils lagde feler. Alfred, Nils og Johan spelte alle fele. Men berre til heimebruk. Somme av Skarsfelene skal vere gode feler.

Sævillafelene: Lars Sævild (1885-1939) bygde feler. Torfinn Kolle har tatt vare på formene og utstyret etter han. Lars og broren Andreas var gode spelmenn.

Det skal også ha vore laga feler på Storlid, på Øpstebø og på Skar. Kanskje er det fleire andre som har lagd feler, som vi ennå ikkje veit om.

Dette er eit lite samandrag av hardingfeletradisjonen sett frå Samnanger.

Vil du lesa meir om dette, fins det mykje som er skrive. Ei enkel innføring får ein frå denne boka, som også er opphav til bileta av fidla og av lensmannen i jevnaker som speler fele.