
Dagfinn Malt kjem også!
Den 25. februar kl. 19.00, held Samnanger historielag årsmøte på Anton`s kulturhistoriske senter på Frøland. Denne dagen har me fått ein “historisk” radiopersonlegdom til å koma og halda kåseri for oss. Dagfinn Malt har 40 års fartstid i NRK, og dei fleste vil nok kjenna denne stemma frå NRK- Hordaland. “Her er by og Bygdenytt”, kallar han innslaget sitt og seier det er “ein uerbødig radiohistorie om historiar frå eit langt radioliv”. Me gler oss!
Kaffi- og kringlepause skal me også ta oss tid til.
Så kjem årsmøtesakene med val, rekneskap for 2009, budsjett og aktiviteskalender for 2010.
Nye og gamle medlemer er velkomne!
(Det vert høve til å teikna medlemskap på møtet, for dei som måtte ynskja det..)

Film og kaffi går godt saman
Ein ny type arrangement har sett dagens lys i Samnanger - nemleg kulturhistorisk kafé. 31.oktober fann svært mange vegen til Antons kulturhistoriske senter på Frøland. Dette var tydeleg eit populært tiltak blant samningar og andre som hadde møtt opp. Det er ikkje godt å vita kor mange som var innom i løpet av dei 3 timane som arrangementet varte, men truleg godt over 100. Les vidare 'Triveleg kulturhistorisk kafé'»

Kraftkarar i arbeid
Fotoutstillinga frå kraftutbygginga av Storelva (”Samnangervassdraget”), er no sett opp på Antons kulturhistoriske senter på Frøland. Her kan du i ro og mak sjå dei over 100 bileta frå utbyggingsstarten i 1909 til Svartavassdammen stod ferdig 20 år seinare.
Les meir om utstillinga her: “Samnangerkraft i 100 år - vellukka fotoutstilling“

Ikkje ofte me ser Kleivavatnet frå denne kanten!
Samnanger historielag sin lokalhistoriske tur sundag 23.08.09 vart ein suksess. Skiftande ver med trugande skyer hindra ikkje folk i å møta opp. Ca 65 personar hadde teke turen til Kleivabruane denne sundags føremiddagen for å vera med på ein guida tur kring Kleivavatnet og sidan biltur til Svartavatnet.
Les vidare 'Minneverdig historielagstur'»

Tone T. Holmefjord
Nei, ho hadde ikkje konvolutt med snor i! Men spanande var det likevel då Tone T. Holmefjord avslørde kven som fekk midlane Historielaget sitt kulturhistoriske fond deler ut i 2009.
Les vidare 'Og dei heldige vart…'»

I høve 100-årsjubileet for kraftutbygginga i Samnanger, handlar årboka for 2009 om denne utbygginga. Det er ei heil lita bok på over 100 sider, og skildrar sjølvsagt sjølve utbygginga, men fevner lagt vidare enn det.
Les vidare 'Årbok om kraftutbygginga'»

Bergen byarkiv har lånt oss meir enn 100 bilete frå kraftubygginga. På biletet over, ser me tre kraftkarar som er med å få røyrgatene på plass på Frøland.
Laurdag 13. juni var det truleg 700-800 menneske på kraftstasjonen på Frøland i samband med jubileumskonserten med Wenche Myre. Dei fleste av desse var også innom fotoutstillinga vår. Dette betyr at mange hundre menneske alt har sett utstillinga. Til hausten vil me freista å få til ein eller fleire ekstra framsyningar av bileta. Dette vil bli gjort kjent her på heimesida og i Samningen.
Les vidare 'Samnangerkraft i 100 år - vellukka fotoutstilling'»
2009 er kulturminneåret, og difor passar det bra at Samnanger historielag for første gong deler ut midlar frå fondet som er opparbeidd gjennom dei 9 åra historielaget har eksistert. For meir informasjon og søknadsskjema, klikk her.