Knutin Kleppe

Samnanger har ein rik tradisjon innan produksjon av hardingfeler. Bygda har også hatt fleire gode spelemenn.

Knutin Kleppe 1876-1961 vaks opp på garden Kleppe, som ligg innunder Gullfjellet, høgt over Samnangerfjorden, mellom Skar og Kvernes.  Han var nr 6 av 9 barn.

Far hans, Mons Kleppe var rik og mektig. Som jekteskipper i Nordlandstrafikken tente han gode pengar, og Kleppe vart ein velstandsheim.  Då Knutin døydde, var mesteparten av velstanden borte. Han og yngstebroren Edvard, delte garden og huset mellom seg, og dreiv jordbruk på kvar sin part. Edvard dreiv i tillegg med snekring, og han hadde skifabrikk  i Kleppsvika, der han lagde Gullfjellski.

Knutin sin hug gjekk meir til felespelling. Sonesonen hans, Magne Kleppe, bur i dag på Olsvik i Bergen. Han hugsar godt bestefar  sin, som var 74 år da Magne vart fødd. Knutin ville ofte spela for han, og han ville at Magne skulle læra å spela toradar.  Men Magne hadde ikkje interessa, så det vart ikkje noko av det. Far til Magne var anleggsarbeidar. I friøkter reiste han alltid inn til Kleppe, og Magne måtte vera  med. Han måtte tidlig ta del  i gardsarbeidet.  Han hugsar  at farfaren stadig hadde besøk av spelemenn.  Ein gong meiner han at han trefte Sigbjørn Bernhoft  Osa, som var ein venn av Knutin. Det var ofte festleg lag når spelemenn var i lag, og spelte for kvarandre.

Knutin Kleppe hadde fleire feler.  Den siste fela han hadde, var neppe den beste, men den var mykje brukt så lenge han levde.  Fela er truleg laga av ein lokal felemakar.

Folk som har kjent Knutin,  fortel at han var kunnskapsrik og kunne spele  svært mange gamle slåttar.  Han var ofte  med der det var stevne og kappleik. Han likte å laga konsertar, og etter konserten var det ofte dans.

Sommaren 2017 selde Magne Kleppe sin halvdel av garden til etterkomarane etter Edvard Kleppe. Då han rydda huset etter farfaren, fekk historielaget tilbod om å kjøpa den gamle fela hans.  Historielaget og kommunen spleisa på  kjøpet og restaureringa.