Årbøker

Redaktør for årboka er Øyvind Røen.  Likar du å skrive, så er bidrag til årboka alltid velkomne!

Årbøkene frå 2021 og bakover til 2000 er lagt ut i PDF-format. Dei nyare årbøkene er framleis i sal. Ta kontakt med redaktøren om du ynskjer å kjøpa.

Innhald i årbok 2023:

  • Brislingfisket – eit nasjonalt eventyr, av Tor Wold
  • Heimafiske – av Tor Wold
  • Krigsseglaren Peder Andersen – av Thomas Hellevang
  • Ein avhalden prest – av Svein Hitland
  • På gjengrodde tufter – av Svein Egil Kvale
  • Møbelfabrikken i Eikedalen – v Svein Egil Kvale
  • Minne frå Frøland – av Knut Odd Totland
  • Husmannen – av Øyvind Røen
  • Bønder og husmenn i Nordbygda 1519 ? 1865 – av Øyvind Røen
  • Årsmelding 2023 – av Solvor Aadland

Diskusjon, tillegg og rettingar årbok 2023

Tillegg skreve av Øyvind Røen:

I artikkelen om «Husmannen» har eg på s. 84 sett inn ein liten tabell som syner kor mange husdyr det var i 1865 på dei husmannsplassane som hadde flest dyr. Heilt på topp står Seterhaugen med 18 kyr, 14 sauer og 11 geiter. (Dette er også nemnt på s. 2 som omtale av biletet på baksida av årboka.) Gisle Øye har spurt om det verkeleg er rett at denne husmannsplassen kunne fø så mange dyr, og om det var husrom til dei. Gisle viser til at Nils Lauvskard i Samnanger 1 berre har ført opp 8 kyr og 14 sauer under Seterhaugen i 1865.

Spørsmåla til Gisle er sjølvsagt heilt på sin plass. Det verkar utruleg at det skulle vera 18 kyr og 25 småfe i Seterhaugen, for her er det visst snakk om vinterfôra dyr. Men tala i årboka er henta frå folketeljinga i 1865: https://www.digitalarkivet.no/nn/census/district_list/38238
Her er rett nok Peder Tomasson i Seterhaugen ført opp med 8 kyr og 14 sauer ? slik Lauvskard skriv ? men i tillegg står det i folketeljingsprotokollen at sonen Johannes, som budde i same huset, hadde 10 kyr og 11 geiter. Dette har ikkje Lauvskard teke med i bygdeboka.

Men etter at Gisle sende e-post, sjekka eg òg den skanna, handskrivne originalprotokollen frå folketeljinga. Tala er dei same, men der er ei tilleggsopplysning som berre delvis er med i den digitale utgåva. Det står om faren, Peder, at han er “Forpagter i Quittingen hvilket hans 2de Sønner Ole og Johannes bestyrer”. (I den digitale utgåva står det berre “Forpagter”). Det er ikkje mogeleg å finna ut kva bruk i Kvitingen dette dreiar seg om. Johannes busette seg rett nok i Kvitingen seinare, på Myrane (Samnanger 1, s. 583), men i 1865 er ein annan mann ført opp her.

Både folketeljinga og Samnanger 1 (som i stor grad byggjer på folketeljinga) nemner berre éin bonde («busitjar) og tre husmenn i Kvitingen i 1865, og då er det tale om andre folk og andre dyretal enn det som kan knytast til Seterhaugen og folka der. Dette heng truleg slik saman: Hovudbruket i Kvitingen vart kjøpt og delt i 1863, men ingenting tyder på at dei to kjøparane busette seg i Kvitingen. I staden er Johannes Johannesson (Svensdal) oppført som «busitjar» i Kvitingen. Det er ikkje sagt noko om han er eigar eller forpaktar, men me kan tenkja oss at han budde på det eine av dei to bruka som var resultatet av delinga to år før. Og det er her det er ei «opning» for folka i Seterhaugen: Peder Tomasson i Seterhaugen kan ha stått som forpaktar av den andre (halv)parten av Kvitingen.

På den andre sida er det lite truleg at nokon frå Seterhaugen budde fast i Kvitingen i 1865. Dette var «folketeljarane» nøye på. Men dermed står me att med fleire spørsmål som det ikkje finst svar på: Hadde Ole (14) og Johannes (16) frå Seterhaugen dyr i Kvitingen og pendla dit (t.d. vekependla) for å stella dyra? Eller frakta dei høy frå Kvitingen til Seterhaugen? Kunne dei ha rokke å byggja ny flor i Kvitingen på to år? (Den nemnde Johannes Johannesson hadde vel den gamle floren, og han hadde òg så mange dyr at det knapt var plass til ein ekstra buskap der.)

Det som truleg står fast, er at husmannsfamilien i Seterhaugen hadde imponerande mange dyr i 1865 ? same kvar desse dyra var plasserte. Dessutan var alle desse husmannsplassane i fjellet, til liks med mange andre gardar, heilt avhengige av å skaffa fôr til dyra andre stader enn på heimebøen.

Innhald i årbok 2022:

  • På gjengrodde tufter, Svein Egil Kvale
  • Småbyen som forsvann, av Tor Wold
  • Minne frå barneåra på Tysse, av Alfred Langeland
  • Husmannssonen som fekk eigen gard, av Tor Wold
  • Slåttedag på Tøena, av Solveig Vassenden
  • Nils Nordbø fortel om fortida, av Tor Wold etter Nils Nordbø
  • Neste generasjon på Utskott – båtane veks, av Tor Wold
  • Veibygging på gamlemåten – livet som anleggsbus, av Leif Djønne
  • Krigsminne hos ei lita jente, av Kirsten Kleivane
  • Samnanger Venstrelag 1893 – 1921, av Karin Høysæter Steinsland
  • Samnanger på gamle kart – og litt om stadsnamn, av Øyvind Røen
  • Vegar og ferdsel, av Øyvind Røen

Title for This Block

Description for this block. Use this space for describing your block. Any text will do. Description for this block. You can use this space for describing your block.

Innhald i årbok 2021:

  • Nils Lauvskard – temmeleg eineståande, av Svein O. Aadland
  • Tysse Skulemusikklag,
    av Karin Høysæter Steinsland
  • «Skriket», av Tor Wold
  • Minesprengd båt i Hovdasundet, av Helge Hisdal
  • Liekarane og M/S Hjelmevåg
  • Oldervollkarane, av Tor Wold
  • Om Østvik – garden farmor og farfar rydda, av Anne Elise Moe og Tor Wold
  • Erling Nygård – skipper og fiskar
  • Jørgensen på Utskot – folket og båtane, av Tor Wold
  • Samningen som tok seg gard uti havgapet s. 58
  • Steinaldergrava ved Samnangerfjorden s. 60
  • Steinalderfolket i Samnanger – kor kom dei frå?, av Tor Wold
  • Hennys barndom på Sagen, av Katarina Thorsvik
  • Skatt ilikna i Samnanger 1925-26, av Audun Aldal og Henrik Brigtsen
  • Samnanger i Nasjonalbiblioteket s. 83, av Øyvind Røen

Årboka kan lastast ned som PDF-fil.

Rettingar i årbok 2021

Svein Egil Kvale skriv: Når det gjeld artikkelen om Østvik, så har eg nokre korrigeringar:

Engel Østvik (1867-1945), bestefar til Anne Elise, var gift to gongar. Det er heilt rett at den første kona hans heitte Johanna Nordbø og kom frå Sjøbakken eller Akselsfjæra som ein også kalla plassen i Trengereidfjorden. Ho var fødd i 1875 og døydde alt i 1898. Saman fekk dei to born; Andreas (1895-1994) og Samueline (1896-1927).

I 1899 vart Engel Østvik gift på ny med den eldre søster til første kona, Anna Elena Nordbø (1868-1955). Saman med den siste kona fekk han seks born; Johan (1899-1979), Anna Severina (1900-1982), Signe (1904-1928), Aksel (1907-1987), Engel (1909-1940) og Mons (1913-2000). Rett fødselsår for den eldste broren til Mons, Andreas Østvik, er 1895. Han levde heilt til 1994 og var 99 år då han døydde. 2. Jarle Aspenes skriv at «Gaupholm» dreiv aldri med fiske, berre fraktoppdrag. (På side 37 står det at dei fiska brisling i Oslofjorden, dette er feil. Dei henta brisling som andre hadde fanga.)

Han la også ved ein korreksjon i Word-format, linka til her.

Innhald i årbok 2020:

  • Rosemåling i Samnanger, av Tor Wold og Nils Georg Brekke
  • Livet på sjøen 1900 – 1945, av Tor Wold
  • Slutten på seglskutetida
  • Notfiske med landnot
  • Nygårdskarane med Avance III
  • Mons Oldervoll
  • Nye arbeidsplassar på land
  • Is til ferskfisk
  • Båtbyggjarane
  • Arbeidet på Bedehuset under krigen, 1940 – 45, av Svein Hitland
  • Segna om Kikedals-bonden, av Ingjald Håland
  • Tysse skule – bygningar, elevar og lærarar, av Karin Høysæter Steinsland
  • Enkja Gitte, av Karin Høysæter Steinsland
  • Ein kvardagshistorie frå “dei harde trettiåra” på Tysse, av Liv Røsseland etter Torolf Solvang
  • Lysingar

Årboka kan lastast ned som PDF-fil.

Rettingar for årbok 2020

s. 34: Det står at vintersildfisket tok slutt i 1956. Riktig årstall er 1965.

s. 16: Plasseringen av Ådlandsnaustet angitt i boka er feil. Riktig plassering vises av den røde pilen. Bildet er tatt i 1965. Da var Ådlandsnaustet revet, og bare noen fundamenter sto igjen.

Tilleggsstoff

Innhald i årbok 2019:

  • Ein skjebnedag på Tysse – med fleire heltar, av Liv Røsseland
  • 17. mai-tog Reistad-Steinsland, av Svein O. Aadland
  • Frå 7-årig til 9-årig folkeskule, av Karin H. Steinsland
  • Tysse musikklag – julespeling, av Liv Røsseland
  • «En mislykket jaktdag i Samnanger», ved Arne Tverrli
  • Jakteskipparen Mons Kleppe, av Tor Wold
  • Fiske og sjøfart i Samnanger 200 år tilbake i tida, av Tor Wold
  • Galeasen Debora, reiarlaget frå Solberg, av Tor Wold
  • Skårungen, av Tor Wold
  • Livet som mannskap, etter Samson Bjørke
  • Sjøfolka frå Indre Tysse, av Tor Wold
  • Tørkinga av klippfisk, etter Knut Hamsun
  • «Krigaren» Peder Pederson Gåsdal, av Signe Mjelde Nordås
  • Ein gutunge på Totland under krigen II, av Henrik Brigtsen
  • Einar Gerhardsen på valturne i Samnanger, av Brigt Olav Gåsdal
  • Skottehandel, folkevekst og innvandring, av Anita Skippervik
  • Kva har hendt i Samnanger historielag i 2019, av Solvor Aadland

Årboka kan lastast ned som PDF-fil.

Rettingar

S.6: Hans Tysse korrigerar, og han har konferert med fleire, som støttar hans versjon:

Historia om Ingvald Gjerde som fekk Carnegies heltemedalje: Det var ikkje i Mulsvika dei datt gjennom isen, men rett ved Vikaneset, like innafor huset til Otto Hanevik, ut for neset ligger nederst i gnr 27/43. Hans har snakka med bror til Sigfred Solvang, Sigmund. Guttane låg i issørpa, ingen var sunke til botn. Han som døyde, fann Ingvald under isen, der han var flote opp. Ingvald var oppe av isen då han hadde reddet die to første, og spurte dei då om det var fleire der ute. Dei var så frosne og fortumla at dei svarde nei. Men Ingvald gikk inn i naustet like ved og fann eit tau som han tok med seg uti, der han dykka under isen, og fann guten som omkom. Dei tok ham i land og fikk han inn i huset til Bertin Tysse i Landsvik, der han låg død ei stund. (Bertin Tysse var morfar til Mons Hanevik).

Hans fortel at det sto fleire vaksne og såg på, oppe frå bensinstasjonen hos Jakob Totland, men ingen av dei rakk å gjere noke.

Ingvald Gjerde budde i kjellerleiligheta i storeboligen nærast bedehuset. Han blei varsla der heime. Han hoppa over gjerdet og løp langs fjøra til Vikaneset. Dei sa at han var svært sprek den gongen, 31 år gammal og anleggsarbeidar, handlekraftig og sterk. Det var ingen andre som hadde klart det han gjorde den dagen.

Hans Tysse fortel at han hugsar Ingvald hytta til dei med neven når dei som gutunger leika på isen. Men ingen av ungane han var med, visste om ulukka og redningsdåden til Ingjald i 1951.

s. 7: Årstalet under bildet skal sjølvsagt vere 1951, ikkje 2051.

s. 38, siste avsnitt: Mons Knutsen Langelan var fødd i 1793, ikkje 1893.

s. 59. Hans Tysse fortel at det er feil i biletteksten: Det nyaste huset, til venstre i biletet er ikkje bygd av Lars Tysse, men av sonen, Engel Tysse.

s. 82. Namnet på 100-åringen i 3. avsnitt, som lurte på kva for ein gutunge Einar Gerhardsen var då han vitja helseheime, skal ikkje vere Anna, men Elseber (Elseborg) Kleivane.

Tilleggsstoff

Då vi hadde for mykje stoff, legg vi ut litt tilleggsstoff her: Eigarane/forfattarane har gitt løyve.

Innhald i årbok 2018:

  • Historia som gjorde Samnanger
    til ei sjøfartsbygd
  • Tor Wold: Barmajakta
  • Tor Wold: Jakteskippar Hans Nygaard
  • Karin Høysæter Steinsland: Losvesenet
  • Karin Høysæter Steinsland:
    Sjøvegen for bondeson frå Tysse
  • Per Storlid: Kampane på Fossen Bratte 1940
  • Nils Aadland: Fra Venezuela til England
  • Henrik Brigtsen: Ein gutunge på Totland
    under krigen
  • Norvald Langeland: Mons K. Aadland
  • Karin Høysæter Steinsland: På veg til Grønsdal skule
  • Magli Gjerde: Då straumen kom til Dyrhovden
  • Svein O. Aadland: Den ekstreme helga
  • Arve Espe og Anlaug Røen Hauge: «En driftig kar»
  • Solvor Aadland: Kva har hendt i Samnanger historielag i 2018

Årboka kan lastast ned som PDF-fil.

Innhald i årbok 2017:

  • Då sjøen var vegen, av Tor Wold
  • Frå Steintveit til Lofoten, av Tor Wold
  • Bergljot, av Ivar Bård Aadland
  • Ein barndom på butikk, av Tore Totland
  • Kan du håtta?, av Ivar Bård Aadland
  • Tysse som det var, av Nils Kvittingen v/ Ivar Bård Aadland
  • Oddvar Tvedterås om å veksa opp på Tysse, av Svein O. Aadland
  • Nyutløtræ, av Johannes Langeland
  • Kallhovden på Gjerde, av Tor Wold
  • Ulukka på Gullfjellet i 1934, av Frank Marton Pedersen
  • Meir enn berre fårikål, av Anlaug Røen Hauge
  • Kva har hendt i Samnanger historielag i 2017?, av Av Solvor Aadland

Årboka kan lastast ned i PDF-format.

Innhald i årbok 2016:

  • Banken vår ved vegs ende, av Ivar Bård Aadland
  • Korleis var ho eigentleg, Tante-Anna?, av Svein O. Aadland
  • Nordbygda ungdomslag 14 år eldre enn ein har trudd?, av Svein O. Aadland
  • Jonsokbryllaup, av Anlaug Røen Hauge og Leif Takvam
  • Hopping i ”gamle dagar”, av Av Helge Hisdal
  • Flintlåsgeværet på Tysse, av Tor Wold/Gerhard Tveiten
  • Historier rundt ei brurekrone, av Tor Wold og Hanne Yndestad Aadland
  • Kva har hendt i Samnanger historielag 2016?, av Helge Hisdal

Årboka kan lastast ned i PDF-format.

Årbøkene 2000-2015 i PDF-utgåve:

  • Årbok 2015, mellom anna med forteljinga om Knud Langeland, omgangsskulelæraren i Samnanger som vart redaktør i Chicago.
  • Årbok 2014, mellom anna om setrar og seterdrift
  • Årbok 2013, mellom anna om krigsåra i Rolvsvåg og om felemakaren Johannes Bårdson Tveit
  • I 2012 vart det ikkje gjeve ut noko vanleg årbok, men ei ordbok om Samnanger-dialekta. Denne boka er framleis i sal.
  • Årbok 2011, mellom anna om Langeland i 1910 og om hovudplagg i Samnanger
  • Årbok 2010, mellom anna om krigsåra
  • Årbok 2009, med mykje om kraftutbygginga i Samnanger
  • Årbok 2008, mellom anna om Høysæter
  • Årbok 2007, mellom anna om husmannsplassen Bruabotn
  • Årbok 2006, mellom anna om romanifolket og dei reisande
  • Årbok 2005, mellom anna om daglegliv på Tysse på 1930-talet
  • Årbok 2004, mellom anna om fedrifter gjennom Samnanger i farne tider
  • Årbok 2003, mellom anna om Samnanger Uldvarefabrik
  • Årbok 2002, mellom anna om bilens barndom i Samnanger
  • Årbok 2001, mellom anna om Tysse før fabrikken og vegane kom
  • Årbok 2000, mellom anna om klebersteinsdrift i Samnanger.