Ofte er det stoff som er i interessant, men som det ikkje er plass til i årboka. T.d. intervju som ein må kutta ned, for å få plass. Vi legg ut slikt overskosstoff også i år. Dette er ikkje så godt redigert og tilrettelagt, men kan truleg likevel vere av interesse for mange.
Ofte er det stoff som er i interessant, men som det ikkje er plass til i årboka. T.d. intervju som ein må kutta ned, for å få plass. Vi legg ut slikt overskosstoff også i år. Dette er ikkje så godt redigert og tilrettelagt, men kan truleg likevel vere av interesse for mange.
- Eit lengre intervju med Erling Skar om om hans liv på sjøen
- Hilmar Skar har laga denne oversikten over Oldervollbåtane
- Jarle Aspenes – intervju om Oldervollbåtane
- Artikkel av Jarle Aspens: Då godstrafikken gjekk sjøveien, del 1 del 2
- Avisartikler om Fruktmarinen – transport av frukt fra Hardanger til Nord-norge på 1950-talet. Lofotenposten Nationen del 1 Nationen del 2
- Vi Menn artikler om Oldervoll-skuta Ovoll, som endte som frakteskute på Cook Islands i Stillehavet.
- Helge Hisdal: Omtale av ruta Mons Østvik hadde med melkebåten «Rapp»
- Skonnerten Valentine som forliste ut for Stadt i 1918 – artikkel frå Samningen 1988.
- På Youtube kan du sjå meir om arkeologiske funn i Bømlo, som dokumenterer industrien med produksjon av steinøkser i fleire tusen år frå om lag 7000 år f.kr til om lag 2000 år f.kr.
Rettingar:
1. Svein Egil Kvale skriv: Når det gjeld artikkelen om Østvik, så har eg nokre korrigeringar:
Engel Østvik (1867-1945), bestefar til Anne Elise, var gift to gongar. Det er heilt rett at den første kona hans heitte Johanna Nordbø og kom frå Sjøbakken eller Akselsfjæra som ein også kalla plassen i Trengereidfjorden. Ho var fødd i 1875 og døydde alt i 1898. Saman fekk dei to born; Andreas (1895-1994) og Samueline (1896-1927). I 1899 vart Engel Østvik gift på ny med den eldre søster til første kona, Anna Elena Nordbø (1868-1955). Saman med den siste kona fekk han seks born; Johan
(1899-1979), Anna Severina (1900-1982), Signe (1904-1928), Aksel (1907-1987), Engel (1909-1940) og Mons (1913-2000).
Rett fødselsår for den eldste broren til Mons, Andreas Østvik, er 1895. Han levde heilt til 1994 og var 99 år då han døydde.
2. Jarle Aspenes skriv at «Gaupholm» dreiv aldri med fiske, berre fraktoppdrag. (På side 37 står det at dei fiska brisling i Oslofjorden, dette er feil. Dei henta brisling som andre hadde fanga.) Han fortel vidare:
3. På side 45 står det at rattet frå gavlbåten «Gavelen» heng i dag på veggen hos Marilyn Østvik. Det skal stå hos Rut Østvik Øye.