Fotogruppa samlar digitale kopiar av gamle foto. Utvalet er gjort ut frå det me trur har allmenn interesse. Her er det sjølvsagt lett å trø feil.
Til saman har vi nå fleire tusen foto i samlinga. Dei første åra samla vi mykje frå sentrale støk i bygda, men nå fokuserer vi på grendene. Vi tar for oss ein skolekrets om gangen, og lagar fotoutstilling av bileta vi samler. Hausten 2022 viste vi bilder frå Rolvsvåg, og hausten 2023 frå Eikedalen. Nå står Høysæter, Svendsdal og Børdal for tur.
Fotogruppa består av Atle Johan Steinsland, Gisle Øye, Jan Trygve Totland, Inge Aasgaard og Tor Wold.
Me har fleire samlingar: