Jacob Deby sin album

Jacob Deby feirer jul i Tyskland før han kom til Tysse.

Jacob Deby var appreturmeistar ved Samnanger Ullvarefabrikk. Han var truleg den første som hadde fotografiapparat i Samnanger. Han fotograferte livleg i perioden omlag 1890-1905, og han kunne fotografera. Her er mange bilete frå Tysse i denne perioden, og frå Ullvarefabrikken. Det er også bilete frå Eikedalen og fleire fossar i bygda. Han var oppteken av fossane, ikkje berre fordi dei var vakre, han såg kraftpotensialet i vassfalla.  Også frå Tyskland er det bilete. Han kom frå Aachen, og truleg er det familiebilete og landskap/bybilete derfrå. I tillegg ser ein bilete frå ein tysk ullvarefabrikk før og etter at han brann ned.

Jacob Deby og kona døydde utan livsarvingar. Historia deira kan du lesa i årboka vår frå 2001. Albumet skulle seljast på auksjonen etter dei. Lensmannen, som var auksjonarius, såg at dette var ein skatt som ein måtte ta vare på. Difor lot han Gerhard Tveiten overta albumet. Han visste at Tveiten var rette mannen, og albumet er i familien sin eige fortsatt. Dottera hans, Anna Holmefjord har stilt albumen til rådvelde for historielaget. Slik vart denne fotoskatten redda.

Vi arbeider med denne nye sida. Vi du sjå meir på biletsamlinga vår, kan du førebels sjå på denne linken: Fleire bilete.