Utvandring, laks og gamle motorar

Guide Olav Steinar Namtvedt i utvandarkyrkja på sletta.
Guide Olav Steinar Namtvedt i utvandarkyrkja på Sletta. (Foto: Helge Hisdal)

 

Guttorm Storheim har fått fres på ein av dei større motorane i samlinga si.
Guttorm Storheim har fått fres på ein av dei større motorane i samlinga. (Foto: Helge Hisdal)

Samnanger historielag tok ut på vårtur til Radøy sundag 25. mai. 34 personar var med, og Sveinung Knappskog var sjåfør for veteranbussen.

I Alverstraumen kom tidlegare radøyordførar Olav Steinar Namtvedt på. Medan me tok oss fram på smale vegar, fortalde han nytt og gammalt om “den grøne øya” med keipar i kommunevåpenet.

Første stopp var Skjærgårdsfisk visningssenter på Marøy (Bøvågen). Arthur Marøy og Magnar Ottesen fortalde, og me fekk sjå bilde og gjenstandar frå 50 år med oppdrett. Samningane gomla på saftig laks, og lytta til like saftige historier.

Far til Arthur Marøy grunnla oppdrett her på 1960-talet, attåt småbruket. Han var ein av pionerane i næringa. Dei første åra, før pelletsen kom, måtte dei sjølv fiska til mat til oppdrettsfisken (regnbogeaure og laks). Arthur Marøy gløymer ikkje første gong han var med til i USA med fisken deira. Med eksporten byrja oppdrettarane å tena pengar.

Gamleordføraren var guide på neste stasjon; Vestnorsk utvandrarsenter på Sletta. 800.000 utvandra frå Norge til USA frå 1825 til 1920, og utvandrarsenteret har arkiv over dei som reiste frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Fleire gamle bygningar er flytta hit frå Nord-Dakota og Minnesota. Det gjorde inntrykk på alle som var til stades då Brampton Lutheran church vart vigsla på Sletta i 1997, etter å vorte frakta over “dammen” i bitar. Bjarne Hauge frå Samnanger deltok i prosessen med å ta ned kyrkja.

Det eldste huset på utvandrarsenteret er ei tømmerstove som gav ly til emigrantar på veg vestover i Minnesota. I tillegg er ei skulestove, ein lærarbustad og eit kombinert rådhus og fengsel flytta til Sletta frå Midtvesten. Me fekk høyra at utvandrarsenteret har planar om eit nytt, stort museumsbygg.

Guttorm Storheim har fått Radøy kommunes kulturpris for arbeidet sitt med å ta vare på gamle motorar. Her var mennene mest interesserte – dei fleste damene føretrekte ei omvising i den store og vakre rododendronhagen med Kirsten Storheim.

Den eldste motoren i samlinga er frå 1898, og har vore nytta i Nå ljåsmie og i eit sagbruk. Dei fleste typar eldre norske båtmotorar er representert i samlinga. Her er også ei rekkje andre gamle motorar til ymse bruk, og Guttorm Storheim fekk fleire av dei til å putra og gå. Før me vende nasa heim att, fekk me servert kaffi og vaflar av det hyggelege paret.

Anne Liv Haukanes


Publisert

av

Merkelappar: