Samnangerkraft i 100 år – vellukka fotoutstilling

Bergen byarkiv har lånt oss meir enn 100 bilete frå kraftubygginga. På biletet over, ser me tre kraftkarar som er med å få røyrgatene på plass på Frøland.


Laurdag 13. juni var det truleg 700-800 menneske på kraftstasjonen på Frøland i samband med jubileumskonserten med Wenche Myhre. 

Dei fleste av desse var også innom fotoutstillinga vår. Dette betyr at mange hundre menneske alt har sett utstillinga.  Til hausten vil me freista å få til ein eller fleire ekstra framsyningar av bileta. Dette vil bli gjort kjent her på heimesida og i Samningen.

I år er det 100 årsidan utbygginga av “Samnanger-vassdraget”  (Storelva) tok til. I samarbeid med BKK, laga historielaget til ei stor biletutstilling i kraftstasjonen på Frøland. Me har fått tilgang til unike bilete frå kraft-utbygginga. Ein fotograf følgde nemleg utbygginga heilt frå starten i 1909 og fram til utbygginga av Svartavatnet i 1923. Desse bileta låg lagra som negativar på glasplater. Bergen byarkiv har digitalisert denne biletskatten og historielaget har fått stilla dei ut.  Over 100 store bilete med kommentarar vart synte fram  i kraft-stasjonen på Frøland den 13.juni . Me vil som sagt prøva å få til  fleire framsyningar til hausten igjen. Første framsyning vert på Antons kulturhistoriske senter 23.-27. september.

Biletet er lånt ut av Bergenbyarkiv. Det viser bygginga av Tyssekaien i 1909. I robåten står ein dykkar med hjelm og det er sveivepumpe for trykkluft ombord.

Publisert

av

Merkelappar: