Nei, ho hadde ikkje konvolutt med snor i! Men spanande var det likevel då Tone T. Holmefjord avslørde kven som fekk midlane Historielaget sitt kulturhistoriske fond deler ut i 2009.
Den 13. juni var det opning av 100års-jubileet for kraftutbygginga på Frøland. Det var korpsmusikk og bratsjtonar og festleg stemning. Her vart det altså avslørd kven som får midlar frå historielaget sitt kulturhistoriske fond i 2009.
Og dei heldige vart:
Ingmund og Jorunn Blom
5 000 kr
Grunngjeving for tildelinga:
Dei har gjort eit stort og flott arbeid med å restaurera den gamle løa på garden. Tildelinga er meint å vera ei oppmuntring for det arbeidet dei har gjort og kanskje inspirera dei til å halda fram med liknande oppgåver.
Antons kulturhistoriske senter v/ Anton Kåre Drønen
20 000 kr
Grunngjeving for tildelinga:
Antons kulturhistoriske senter er bygt opp til å verta Samnanger sitt naturlege sentrum for ivaretaking av lokal kulturhistorie. Me vonar at denne tildelinga av midlar kan vera med å gje prosjektet eit ytterlegare løft.
Dette sa altså styret for fondet, som er sett saman av Tone T. Holmefjord, Bjarne Hauge og Magda Haugen.
ME GRATULERAR!