Kommentarar til Samnanger historielag si årbok 2013

Gjeld stykket “Krigsåra 1939 – 1945, slik Rolvsvåggrenda opplevde dei” av Johannes Lid

Anna Utskot som var hushjelp (taus) hos Anna og Nils Rolvsvåg har ringt meg og gitt sine faktaopplysningar om tyskarbesøk våren 45. Tyskarane kom ikkje frå Rolvsvågsida, men frå Lønningdal, truleg fordi det der var lettare å få forsterkningar om dei skulle møta motstand.

Anna hadde rodd heim til Utskot ein søndag, og då ho kom tilbake til Rolvsvåg sat Aksel Hope i stova. Både Anna og Nils var vekke. Aksel hadde fått tips om at det var rassia i Lønningdal og at tyskarane var på veg til fjells. Han hadde butikk og var sterkt involvert i illegalt arbeid. Det var ingen telefon i Rolvsvåg på den tida. Aksel Hope rodde då over fjorden til Rolvsvåg for å informera. Anna skunda seg til Botnahytta, ho var sprekare til å gå enn Nils, som hadde astma.

I Botnahytta var mange samla av di dei feira ein gebursdag den dagen. Dei hadde det varmt og godt i hytta. Her vart det rydda i ein fart og ovnen vart kjølt ned. Så fordelte dei seg i terrenget. Hyttefolket såg ingen tyskarar, men dagen etter såg dei spor til ein haug vestom Botnavatnet. Der hadde patruljen snudd. Hadde dei gått opp på neste haug, hadde dei sett hytta. Nils T ( mannen til Anna), som også var ute, informerte nok  andre «rømlingar» som dei vart kalla. Men han fortalde svært lite, både då og etterpå. .

På side 49 står det at Fredrik Øvredal var viktig sambandsmann i aprildagane, men ifølgje Anna Utskot ikkje i Rolvsvåg. Han var han reist til Matrefjella alt i mars for å organisera mottak av folk frå Rolvsvågområdet. Folk som skulle til Matre fleipa med at dei skulle til fjells og feita seg opp ,men då dei kom att etter freden var dei fleste meir utmagra enn då dei reiste.

Bjarne Øvredal er son til Haldor Øvredal, som skjulte seg hos Anna og Nils Rolvsvåg i krigsåra. Han meiner, etter opplysningar frå far sin, at tyskarane Anna snakkar om var folk frå eit marinefartøy som trong ein fjelltur etter lang tid på sjøen. Dermed var det ikkje “farlege folk”, men sjølvsagt hadde dei rapportert om dei hadde sett noko. Kanskje dei fór til fjells medan andre hadde rassia i Lønningdal?

Helge Hisdal

leiar Samnanger Historielag


Publisert

av

Merkelappar: