Impulsar frå Hallingdalen

Nils Georg Brekke i samtale med samningen Lars Espelid.
Nils Georg Brekke i samtale med samningen Lars Espelid.

I foredraget “Roser og liljer” 9. oktober fekk me både i ord og bilete innføring i den fargesterke hallingtradisjonen, som rosemålinga i Samnanger og Os er påverka av.

Om lag 30 personar hadde møtt opp på Antons kulturhistoriske senter for å høyra på den kunnskapsrike formidlaren Nils Georg Brekke (75), som m.a. er magister i folkekunst. I magisteroppgåva tok han for seg rosemålinga i Hardanger.

Rosemålinga blomstra opp då laugsprivilegia vart oppheva i 1782, fortalde Brekke. Han la til at uttrykket å “fuska i faget” stammar frå denne tida. No risikerte ikkje handverkarane lenger bøter om dei tok på seg oppdrag utan å vera tilslutta laug i byane. Målarar og andre handverkarar frå Hallingdalen og Telemark drog til Vestlandsfjordane på jakt etter oppdrag og forteneste.

Koloristane frå Hallingdalen målte blomsterrankar, druer og biletmotiv som m.a. var henta frå biletbiblar og skillingstrykk. Motivet kunne vera “dei tre stender”, ein hest eller einhjørning, Samson i kamp mot løva eller andre forteljingar frå Bibelen.

Johannes J. Tveiterås (1763–1842) vart inspirert til å måla etter at brørne Sven og Vebjørn Hammersbøen hadde vitja Tveit og Tveiterås. Son til Johannes, Nils Tveiterås (seinare Midthus) tok med seg målekunsten til Os, der den enkle og fargerike stilen vart utvikla vidare.

Nils Georg Brekke viste fram døme på at Annanias Tveit (son til Nils) framstilte lokale motiv som Lysøen. Osmålarane målte også dampskip, oselvar på fjorden m.m.. Men då fotografiet gjorde sitt inntog, vart det slutt på denne typen måling.

Liknande tradisjonar vart utvikla i Sverige – m.a. i Dalarna, fortalde Brekke. Ivar Bård Aadland, som var mellom dei frammøtte, spurde om Johannes Tveiterås kan ha vore påverka av bestefar sin, svensken Nils Stålby. Han la til at Stålby døydde ung, ca 30 år før Johannes Tveiterås vart fødd.

Nils Georg Brekke meinte ein ikkje kan utelukka kulturkontakt mellom Samnanger og Dalarna. Men han hadde mest tru på at det er snakk om parallelle kulturtradisjonar som begge har bakgrunn i renessanse- og barokkmåling.

Det er gjevande og kjekt å høyra på ein god forteljar som har mykje på hjarta. I foredraget på Frøland kom Nils Georg Brekke m.a. òg inn på det gamle rekkjetunet i Eikedalen, og han visste om ei stavløe med innebygt stove og flor som skal ha stått i Rolvsvågen til ho vart brent ned av det lokale brannvesenet i ei øving.

Anne Liv Haukanes


Publisert

av

Merkelappar: