Gamle bunad- og draktdeler som er over 100 år.

2.-6. oktober kjem folk frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt på Fagernes til Samnanger for å registrera gamle draktdeler. Det er snakk om plagg og anna som er eldre enn ca. 100 år. 

Tekstilar varer ikkje evig, så det er lurt å fotografera og registrera for ettertida. Frå før finst litt over 200 registreringar frå Samnanger. Ein del av dette er å finna på digitaltmuseum.no Registreringane vert anonymisert, og det står berre Samnanger på nettet. 

Det er interessant med alle slags draktdeler, hattar og huer, draktsølv, sko,  tekstilreiskapar som grindvev, perlevev eller anna som vart brukt til å laga draktene og foto av folk med drakter. Har nokon rive eit hus eller skifta glas og funne noko, kan sjølv filler fortelja ei historie.

Har du noko som du trur er aktuelt, kan du anten berre møta på biblioteket mellom kl. 12 og 18 tysdag 3. oktober, eller kontakta Hanne Yndestad Aadland og avtala eit anna tidspunkt. 

Det vert spennande å sjå kva som finst her i kommunen!

Helsing Hanne Yndestad Aadland, kontaktperson

tlf. 91745893


Publisert

av

Merkelappar: