Feira grunnlova med statistar frå 1814

Aarebrot

Vesle Samnanger – framleis ein sjølvstyrt kommune – feira grunnlov, demokrati og nasjonalt sjølvstende sundag 5. oktober. Samnanger historielag var tilskipar, og jubileet gjekk føre seg i Nordbygda grendahus Me hadde fått tak i ein kunnskapsrik  foredragshaldar frå nabokommunen i vest (Bergen): Frank Aarebrot, rikssynsar og professor i samanliknande politikk.

Kring hundre samningar deltok. Tysse-Nordbygda musikklag ramma inn foredraget med feiande musikk. Dei opna med “Den norske løve” av Oscar Borg og avslutta med “Vestlandsfjord” av samningen Sigurd Reistad.

Den første av to allsongar var den gamle nasjonalsongen vår “Sønner av Norge”. Dette er den einaste nasjonalsongen Stortinget har gjort vedtak om, fortalde Frank Aarebrot. “Ja, vil elsker” av Bjørnstjerne Bjørnson vart dikta med tanke på ein skandinavisk stat. – Det er folket som har bestemt at “Ja, vi elsker” skal vera nasjonalsong, sa Aarebrot.

Professoren talte engasjerande og utan manus i meir enn ein time. Han byrja med bakgrunnen for 1814, og snakka seg framover i tida. Han understreka kor viktig England si rolle var då Noreg etablerte seg som ein sjølvstendig nasjon.

Elevar frå Samnanger barneskule framførde eit lite tablå frå 1814, kledde i kostyme frå den tida og med utstillingsdokker som statistar. Dei fekk m.a. fram at folk flest ikkje var spesielt interesserte i at Noreg skulle få si eiga grunnlov. Det var dårlege tider, og stor mangel på mat.

Ansvarleg både for dramainnslaget og kostyma var Hanne Yndestad Aadland, til dagleg lærar ved Samnanger barneskule. Kostyma er sydde spesielt for 1814-jubileet. Hanne har grave fram kunnskap om korleis folk var kledde på den tida, og m.a. nytta lokale kjelder. I tillegg til sivile klede var det med to jeger-uniformer. 35 menn frå Samnanger var soldatar på Austlandet 1807–1814.

Kostyma frå 1814 vart også nytta då 6. klasse hadde eit innslag under 17. mai-feiringa i Samnangerbygda, og på sommarfesten til barneskulen.

Tidlegare i haust har ein del av plagga vore vist på dokker i heradshuset på Tysse. Mang ein samning har fått seg ein støkk når dei har gått inn hovuddøra og vorte møtt av urørlege skikkelsar frå 1814.

Hanne Yndestad Aadland har samarbeidd med kommunen og historielaget om kostymeutstillinga. I ein illustrert brosjyre ho har laga kan me lesa om korleis samningane var kledde i 1814.

 

Samnanger historielag v/Anne Liv Haukanes


Publisert

av

Merkelappar: