Bokslepp me’ nòke attåt

  Laurdag 24. november 2012 kl 15-17
Hjå Antons kulturhistoriske senter

Slepp av boka “Samningadialekten”
Kåseri av Svein O. Aadland
Gamle og nye songar på dialekt
Sal av kaffi og kringle

Sal av bøker

Laurdag 24. november må de setja av tid til å koma på Anton sitt kulturhistoriske senter. Då skjer det nemleg noko som ikkje så ofte skjer i Samnanger: Det kjem ut ei bok laga og illustrert her i bygda. Ikkje berre er ho laga her, men ho handlar også om samnangerdialektenDet har seg slik at i Samningen var det mellom 1991 og 2004 ei fast spalte som heitte ”Samningadialekten”. Her tok bladstyrarane fram ord som samningane hadde brukt, men som gjerne var i ferd med å verta gløymde. Orda vart samla i eit eige register, og dette registeret har sidan vorte utvida ein del.
Denne informasjonen burde koma samningar flest til gode, var det fleire som meinte. Historielaget tok tak i saka og meinte å gje ut eit hefte med dialektord i staden for årbok eit år. Øyvind Røen tok fat på arbeidet med å laga dette alfabetiske registeret om til bok. Orda vart systematiserte og endå fleire kom til – til slutt vart dei sorterte i kapittel med ulike tema. Her kan ein t.d. lesa ord som skildrar menn og kvinner, ord som handlar om hus, heim og innarbeid, natur, sjøliv og fiske, ver og føre og mange andre ting. Innleiing om dialekten vart skrive, og til slutt vart ein nokså fersk samning, Marijke Strømmen, beden om å illustrera heftet. Med sin belgiske bakgrunn tok ho fatt på dei ukjende orda med stor entusiasme og laga teikningar med humoristiske vinklingar og snert. Etter kvart forstod me at dette vart noko meir enn eit vanleg historielagshefte: Både talet på sider og dei flotte illustrasjonane gjorde at dette måtte verta ei skikkeleg bok, og no er ho altså under trykking. Dei har lova at boka skal vera ferdig neste veke, og då inviterer altså historielaget til bokslepp på Frøland.

  Noko attåt vert det også: kåseri av Svein O. Aadland, gamle og nye songar på dialekt og sal av kaffi og kringle. Me treng vel ikkje nemna at det også vert råd å få kjøpt boka. Få unna julegåvehandelen tidleg i år, og kombiner det med ein triveleg ettermiddag med historielaget!


Publisert

av

Merkelappar: