Vårtur til Fjell festning og kystmuseet i Ovågen

 

Søndag 20. mai reiste historie-laget til Fjell festning på Sotra med veteranbuss. Etterpå gjekk turen til Øygarden og kystmuseet i Ovågen.

 

 

Bilde frå Fjell festning. 

 

Fjell festning var ein del av Hitler sitt festningsverk frå Nord-Noreg til Middelhavet. Festninga vart påbyrja 1942, og dei prøveskaut hovudkanonen 12.juli 1943. Men festningsverket vart det arbeidd med til krigens slutt. Festninga skulle forsvara innseglinga til Bergen.

Hovedkanonen var ein 3-løps kanon med ca. 15 m lange løp. Denne trippel-kanonen kom frå slagkryssaren Geisenau som vart bomba av engelske fly i Kiel tidlig 1942.  

Festningsverket vart for det meste bygd av  krigsfangar. Ein del norske arbeidde også på anlegget, for det var godt betalt. Kystartilleriet overtok anlegget i -45. På 60-talet vart kanonen fjerna, og det vart bygd radarstasjon i staden. I 2004 var det slutt. Då vart det freda kulturminne, og i 2008 ein del av Museum Vest. No er det bygd modellar av tunellsystema og uteanlegga slik at folk kan sjå kva som var i ”Fjedlafjedle”. Ein del av anlegget er ope for publikum. Me skal ha guide og omvisninga tek ca 1 time

Etter omvisninga kjører me vidare ca ½ time nordover gjennom typisk Øygards-natur til Kystmuseet i Ovågen. Her kjøper me mat før me får omvisning. Museet viser korleis folk har brukt havet og naturen til å skaffa seg levebrød frå gammal tid og til oljealderen. Kystmuseet tek vare på kulturminne i sitt opphavelege miljø. Her er ei inneutstilling og mange forskjellige sjøhus, reiskapar og båtar. 

PÅMELDING: til Helge Hisdal, seinast 16.mai. Tlf 900 73 248 eller e-post: helge.hisdal@bkkfiber.no

 


Publisert

av

Merkelappar: