Mange på kulturminnedagen på Frøland

einogsekstienDet var fullt hus i mange timar i storstova til Antons kulturhistoriske senter. Mange ville sjå filmen om kraftutbygginga av Storelva og få seg ein kopp kaffi attpå. Og mange beundra den flotte “Einogsekstien” som skinande nyoppussa og fin med “ny” gamal motor stod og viste seg fram på parkeringsplassen. Nokre heldige fekk fylgja oppover og sjå sume av dei stadene filmen omtala.

 

 

 

 

 

helge-filmpremiere1Leiaren i historielaget, Helge Hisdal, opna filmpremieren med ei lita tale med stor takk til Tor Wold som har vore primus motor i denne filmskapinga. Med Svenn Arve Kleivane som kjentmann har dei teke seg rundt i terrenget og sett på spor i landskapet etter gamle tippar, tverrslag, taubaner det som skal til for å gjera ei slik utbygging. Dei eineståande fotografia frå utbygginga har og sin plass i filmen, saman med demonstrasjonar av gamle arbeidsmetodar. Innimellom er det intervju med Bjarne Kleivane som var med på utbygginga , Solveig Vassenden som hadde ei bestemor som var anleggs-dame og ikkje minst med Vidar Trengreid som er fjerde generasjons tunnelarbeidar med litt av kvart å fortelja. Det er han som syng på skikkeleg rallarvis i filmen.

 

 

 

einogsekstienEtterpå skulle det vera råd å få seg ein tur oppover til Kvitingen med “einogsekstien”. Det er ein gamal “snutebuss” frå 1937, som har vore flikka og pussa slik at han såg ut som ny. Det er Bergen Veteranbilklubb som har gjort oppussinga på dugnad, og ikkje minst Anton Kåre Drønen har lagt ned mange timar for å få han så fin att. Han tek ikkje så mange pasasjerar, og det viste seg at dei som kom med på første turen var heldigare enn nokon visste, for då bussen skulle starta opp på tur to, ville han ikkje meir. Gamal motor, seier du? Nei. Det var det 1 1/2 år gamle batteriet som svikta, viste det seg, og mange skuffa pasasjerar måtte gå heim att utan å få med seg busstur. Men historielaget vil gjera det godt att med å arrangera ein “bussturdag” i oktober, om me får lov på buss og mannskap. Og sjølvsagt med nytt batteri!


Publisert

av

Merkelappar: