Kulturminnedag med filmpremiere

tyssekaien vert bygd11. september er det kulturminnedag i heile Noreg. I Samnanger feirar me dagen med filmpremiere på filmen “Straum til Bergen. Kraftutbygginga i Samnanger 1909 -1935”. Det vil og verta høve til å ta turen oppover langs Storelva til Kvitingen med ein skikkeleg veteranbuss frå 1937. Då kan ein få sjå nokre av stadene filmen omtalar.

Dette seier brosjyren for heile Noreg sin kulturminnedag om Samnanger sitt filmprosjekt:

“Samnanger historielag og VPB Media har produsert den historisk viktige filmen Kraftutbygginga i Samnanger 1909 -1936. Samnanger historielag ønskjer å markera kulturminnedagen 2011 med premiereframsyning i eit egna lokale i hjartet av landskapet som vart prega av utbygginga: I 2012 er det 100 år sidan kraftanlegget på Frøland leverte den første straumen til Bergen. 

Filmen tek for seg utbyggingsprosessen og dokumenterer spora i landskapet etter anleggsverksemda i Samnangervassdraget. Historia om vassdragsutbygginga materialiserer seg i dag gjennom regulerte vatn med demningar, tunellar, kontrollert vassføring i elveløp frå høgfjell til sjø, master og ikkje minst som slaggruinar i landskapet. Gjennom å fletta inn gamle foto og intervju med samningar som tok del i utbygginga, vert dette òg forteljingar om korleis utbygginga kom til å prega livet til anleggsarbeidarane, om fallrettar på billegsal, og om dei sosiale skilnadene mellom arbeidarar og utbyggjarar – mellom bygd og by.

Utbygginga av Samnangervassdraget har ein svært sentral plass i Bergen si historie. Det var bergensarar som bygde ut vassdraget for å skaffa byen elektrisitet – og vassdragsutbygginga i Samnanger kom til å prega utviklinga av ein ”opplyst” by.

Dokumentarfilmen tek føre seg historia om kraftutbygginga i Samnanger som del av samtida vår – og peikar samstundes inn i framtida. I desse dagar står konsesjonssøknad om ny utbygging av Samnangervassdraget på den politiske dagsorden. Diskusjonane i lokalsamfunna på Vestlandet går høgt og lågt. Dette gjer filmen svært dagsaktuell – og vona er at filmvisninga på kulturminnedagen i Samnanger oppmodar til refleksjon og gjev ulike perspektiv på kva kraftutbygging inneber for oss i fortid, notid og framtid.”

I tillegg kan me leggja til  for dåke Samningar, at her får me møta ma. Vidar Trengreid, Svenn Arve Kleivane, Bjarne Kleivane og Solveig Vassenden som alle har noko å fortelja frå utbyggingstida. Sett saman med mange gamle bilete og nokre nye, og det heile kommentert av Svein O. Aadland er dette ei storhendig i Samnanger si filmhistorie!!!

Filmen tek ca 20 min. og vil verta vist kontinuerleg på “Antons kulturhistoriske senter” mellom kl. 13.00 og 17.00

Anton sin kafé vil også vera open for litt å bita i og ein kopp kaffi eller te. Brus til borna!

I tillegg vil ein altså kunna ta turen oppover langs Storelva mot Kvitingen med ein skikkeleg veteran i denne ruta. Den gamle “Fjedlabussen” som brukte køyra til Kvitingen, Høysæter og Trengereid, er nyoppussa med “ny” orginalmotor frå 1937. Å få vere med ein slik gamal “snutebuss” på tur, er ikkje noko du har høve til kvar dag!

Vel møtt!

 


Publisert

av

Merkelappar: