Historielaget på tur til Askøy og Herdla

I mai inviterte historielaget til tur til Askøy og Herdla, sjølvsagt med mykje historie undervegs. Ein av turdeltakane deler si oppleving av turen med oss:

Mange nikka gjenkjennande, og nostalgifaktoren var høg då det kom ein ekte blåbuss  frå BHB-veteranklubb  og henta turdeltakarane.   Då me hadde plukka opp deltakar nr 25 i Åsane, gjekk turen rett til Strusshamn på Askøy. Der kom guiden vår, Erling Virkesdal, om bord.

Første stopp var den tidlegare mølla og shoddyfabrikken i Strusshamn. Shoddyfabrikken gjorde filler av bommull og ull om til shoddy, som mellom anna vart brukt til uniformstøy, fyll i madrasser og teppe. Brødrene Arne Johannesen og Alfred Bruvik starta fabrikken i 1909.  Etterkomarane deira kjenner me som “Bruvikane” på Tysse.

På 50-talet gjorde kunststoff som nylon og akryl shoddyfabrikken ulønnsom.  I dag har Askøy museumslag restaurert lokala og gjort dei om til eit imponerande fint lokalhistorisk museum.

Turen gjekk vidare nordetter på austsida av Askøy , og me passerte mellom anna  Kleppestø, Florvåg , Olaviken og Ask. (Kanskje får du framleis kjøpt askebær på kjøpesenter på Askøy, men knapt på Torget).  Ein kunnskapsrik og engasjert guide gjorde turen svært interessant med historiar og informasjon. Vel framme på Herdla vart me kjørte til døra til Herdla gjestehus der kompemiddagen var klar. 

Etterpå var det ikkje lange vegen til Herdla museum som gir eit innblikk i Herdla sin historie både som kongsgard og viktig tysk flybase under krigen.  Filmen om det tyske flyet Gul 16 som styrta i sjøen utanfor Øygarden, såg me og der.   Flyet vart heva i 2006, og er no utstilt ved det nedlagde kystfortet på Herdla.

Herdla kyrkje var uventa stor og ligg høgt og fritt, godt synleg.  Av den grunn vart tårnet demontert under krigen, men er no på  plass igjen. Frå kyrkjegarden er det og utsyn over Hordalands største gard som i dag har lagt om frå mjølkeproduksjon til kjøttproduksjon og tilbod til golfspelarane.

På heimvegen fekk bussjåføren god trening i å kjøra veteranbuss på smale vegar på vestsida av Askøy. Me var innom både Hanøytangen, Ramsøy og Horsøy, som og kvar på sin måte viser endringane på Askøy.  Inntrykk etter ein slik tur gjer det nærliggjande å reflektera littt over kva levekår hermetikkarbeidaren, fiskarbonden og  jordbærdyrkaren hadde i høve til dagens industriarbeidar, oljearbeidar og pendlar.  Men det fører for langt her. Så kvifor ikkje ta ein tur til Askøy og Herdla og gjera eigne erfaringar og refleksjonar?

 Kjell Reistad – turdeltakar


Publisert

av

Merkelappar: