Lokalhistorisk tur

 

Gamlestova i Nordvika
Gamlestova i Nordvika

 

Me byrjar ved grendahuset kl. 12.30 og tek oss ein sving bortom Bakken eller Skottabakken som staden eigentleg heiter. Kvifor heiter staden nettopp det? Korhen var den gamle brusfabrikken på Bakken? Kvifor bygde dei eit hus ut på ein holme? Veit me kor gamalt det er? Kor gjekk den gamle kyrkjevegen? Kva er dei gamle husa me ser eller ser restar av langs bygdavegen? Slike ting er det du kan få svar på når du vert med på historielaget sin lokalhistoriske tur søndag 29. august 2010. Me følgjer Bygdavegen mot Nordvika og endar opp i gamlestova der. Vegen er ikkje lang, men her har vore både treskofabrikk, meieri, sag og ishus på den vesle strekninga! Velkomen til å få lokal historie-kunnskap. Og sjølvsagt kringle og kaffi etterpå.


Publisert

av

Merkelappar: