Og dei heldige vart…

Tone T. Holmefjord
Tone T. Holmefjord

Nei, ho hadde ikkje konvolutt med snor i! Men spanande var det likevel då Tone T. Holmefjord avslørde kven som fekk midlane Historielaget sitt kulturhistoriske fond deler ut i 2009.

Den 13. juni var det opning av 100års-jubileet for kraftutbygginga på Frøland. Det var korpsmusikk og bratsjtonar og festleg stemning. Her vart det altså avslørd  kven som får  midlar frå historielaget sitt kulturhistoriske fond i 2009.

 Og dei heldige vart:

Ingmund og Jorunn Blom

 5 000 kr
 Grunngjeving for tildelinga:
Dei har gjort eit stort og flott arbeid med å restaurera den gamle løa på garden. Tildelinga er meint å vera ei oppmuntring for det arbeidet dei har gjort og kanskje inspirera dei til å halda fram med liknande oppgåver.

Antons kulturhistoriske senter v/ Anton Kåre Drønen
20 000 kr
Grunngjeving for tildelinga:
Antons kulturhistoriske senter er bygt opp til å verta Samnanger sitt naturlege sentrum for ivaretaking av lokal kulturhistorie. Me vonar at denne tildelinga av midlar kan vera med å gje prosjektet eit ytterlegare løft.

Dette sa altså styret for fondet, som er sett saman av Tone T. Holmefjord, Bjarne Hauge og Magda Haugen.

ME GRATULERAR!

Anton Kåre Drønen takkar for tildelinga
Anton Kåre Drønen takkar for tildelinga

Publisert

av

Merkelappar: