Nytt styre kom på plass, med gode folk i alle funksjonar.
Kristian Jørgensen heldt eit spennande foredrag om dei reisande. Det har vore mykje aktivitet i tatermiljøet dei seinare åra. Den harde politikken etter krigen som sikta på å stanse omstreifinga, førte til at mange taterar “gjekk under jorda”. Dei vart bufaste, og fornekta opphavet sitt. Nå har mange etterkomarar av disse omstreifarane blitt interesserte og funne att opphavet sitt. Taterane er i dag velintegrerte i samfunnet og er i ferd med å bli stolte av familiehistoria si.