Årboka 2017 er no i sal.

 

I denne utgåva av årboka startar me ein serie me har kalla «Livet langs fjorden». Tor Wold innleier serien med ein artikkel med dette namnet og følgjer opp med artikkelen «Frå Steintveit til Lofoten etter
klippfisk» der me får litt innsyn i jektefarten til Nordland. Rundt om i bygda sit det sikkert mange som har historiar – og kanskje gamle bilete – frå jektefart og alt som har med fiske å gjera, også tønne- og
kasseproduksjon. Dette er verdfull informasjon som me gjerne vil ta vare på, så me høyrer gjerne frå dykk!
Me får følgja livet til Bergljot Totland, Bellot’n, frå Bergen og Børdalen via Ådland til Tysse. Sonen hennar, Tor Totland, fortel levande om oppveksten på butikk-lemmen på Ådland og litt om åra etterpå.
Elles i denne utgåva går me tilbake til «gamle dagar» på Tysse, til ei tid då dette var ein livleg liten bygdeby, og me får høyra 98 år gamle Oddvar Tvedterås fortelja om korleis det var å veksa opp på Tysse.
Vidare får me høyra ein spenneande historie om ein kallhovd frå Gjerde, me får gjera oss litt meir kjende i Nyutløtræ, me høyrer om den grufulle ulukka på Gullfjellet i 1934 og me er med på saueslakting.
Me oppmodar kvart år lesarane våre om å koma med innlegg til årboka, og i år har me ikkje mindre enn tre artiklar som me har motteke uoppmoda. Det set me pris på, så ei varm takk går til Johannes Langeland,
Tor Totland og Frank Marton Pedersen for interessante innlegg!
Lukke til med lesinga!
Anlaug Røen Hauge
-red