Jomfru Maria kom frå Samnanger.

Ja, slik skreiv Tor Wold i den første historiske årboka for Samnanger historielag. Ho vart utgjeven i år 2000. Wold kom ikkje med noka ny teologisk utgreiing,men viste til den flotte statua av Jomfru Maria i vestfronten av Nidarosdomen. Denne mannshøge statua og mange fleire av statuene der, er skorne ut av kleberstein eller klåstein frå Fagerbotn i Trengereidfjorden.

Søndag 4. september hadde historielaget tur til dette området som truleg er ukjent for mange samningar. I fint solskin tok 26 personar frå sju til nittiein år, dei fleste til fots, seg oppover på ein uvanleg god veg med tanke på kor gammal han er. Gullfjellet trona majestetisk i bakgrunnen, og den fine vegen enda i ei bratt skråning.

Veteranen Nils Nordbø (til høre) kleiv til topps og fortalde om drifta då han var med og tok ut stein.

Veteranen Nils Nordbø (til høgre) kleiv til topps og fortalde om drifta da han var med og tok ut stein.

 

Det var i 1933 det heile starta. Jakob Nordbø,ein mann som var interessert i mykje, fann kleberstein i Fagerbotnen, tok kontakt med rette folka og det resulterte i prøveboring.

Drifta som starta i 1935, stod Vestlandske Steinhuggeri for. Dei var ei stor verksemd som hadde levert stein til dei fleste steinbygningane i Bergen. Vegen til Trengereidfjorden var ikkje ferdig så steinen gjekk med båttransport til Bergen, men først måtte det byggjast veg opp til Fagerbotnen.

Denne vegen førte oss notidsmenneske til ein arbeidsstad som me lett kunne tenkja oss hadde vore både vanskeleg og fårleg. Me fekk pulsen opp då me kleiv oppover lia der det framleis var restar av trallebana der svære steinblokker på opptil fem tonn vart festa og sende nedover tilvegen. Store blokker utan sprekker var spesialiteten frå steinbrotet i Fagerbotnen. Det gjekk godt bortsett frå ein gong.Dei greidde ikkje bremsa nok så steinen for rasande, og tennene frå tannhjulet skvatt i alle retningar. Heldigvis var ingen i løypa nedunder, og steinen bora seg tilslutt djupt ned i vegbana. Ein arbeidar fekk berre små skader.

Det var heilt spesielt å stå der i det tilgrodde steinbrotet og høyra om arbeid og hendingar fortaIde av leiaren ihistorielaget, Helge Hisdal med god assistanse av Tor Wold, som har skrive grundig om både dette steinbrotet og andre klebersteinsbrot i Samnanger. Og det aller mest spesielle: Nils Nordbø, nittieinåringen som arbeidde i mange år i desse bratte skråningane for å få ut svære blokker der mange vart store statuer i nasjonalheilagdomen vår i Trondheim. No var han attende på gamle trakter. Rett nok med stav der me kleiv oss oppover,men med sitt nærvær og sine kommentarar, fekk me vera med på noko stort og uvanleg. Hjartans takk!

Turen vart avslutta i strålande solskin og varme ved ei hytte som var ibruk under anleggstida. Her fekk me både spørja og takka for ein gjevande dag. Tor W. viste bilete frå Nidarosdomen og oppmoda oss om å studera katedralen ekstra godt neste gong me kom til Trondheim. Dei flotte statuene er litt «samningar». Siste gongen dei tok ut stein var i73 eller 74. Då trong dei meir stein i restaureingsarbeidet på  Nidarosdomen.

Vil du vita meir om steinbrot i Samnanger, finn du årboka på nettet eller du kan kjøpa ei gammal årbok. Berre ta kontakt!

Referent Solvor Aadland