Utvandrarkyrkja på Sletta. Foto: Helge Hisdal.
Samnanger historielags vårtur, som er open for alle, går til Radøy i Nordhordland sundag 25. mai.
Først og fremst skal me vitja Vestnorsk utvandrarsenter på Sletta. Dei gamle bygningane her – m.a. ei nybyggjarstove, skulestove, rådhus/fengsel og ei heil kyrkje – er flytta “over dammen” frå Nord Dakota og Minnesota. Her er også arkiv over dei mange som utvandra frå Hordaland og Sogn og Fjordane.
På Utvandrarsenteret skal me få omvisning og sjå film om då Brampton Lutheran Church vart demontert flytta i 1996 – eit arbeid samningen Bjarne Hauge var med på.
Veteranbussen går frå Tysse om morgonen. Frå Alversund får me selskap av ein lokalkjend som vil guida oss på rundturen på Radøy. På veg til Utvandrarsenteret stansar me på Skjærgårdsfisk visningssenter på Marøy. Her får me servert lakselunch og smakebitar frå ca. 50 år med oppdrettshistorie.
På tilbaketuren vert det stopp på Guttorm Storheims motorsamling. Samlinga rommar ca 200 båtmotorar – pluss gamle traktorar og landbruksmaskiner. Dei som har meir sans for blomar kan sjå nærare på den store rhododendronhagen. Her vert òg kaffi og vaflar å få.
Billett kr 300 per person. Påmelding til Helge Hisdal, tlf. 900 73 248, innan 20 mai. Buss kl. 9.00 frå Tysse.