Årbok 2023

Boka får du kjøpt i butikkane på Bjørkheim og i bokhandelen i Arna. I år kan du lesa om fisket på fjorden, eit møbeleventyr i Eikedalen og gardbrukarar nær Fitjavatnet, som det ikkje gjekk så bra med. Me får òg eit variert bilete av historia til husmannsvesenet i bygda, frå start til slutt. Så kan du lesa om to personar, ein prest og ein sjømann, som på kvar sine måtar var aktive under krigen. Og med får innblikk i barndomen til ein samning som utvandra frå Frøland til USA.

Korreksjonar frå lesarane

Kjell Moss : På side 17 står det at Jon Sandvik hadde med seg 3 arbeidskameratar frå SAFA, Olav Moss, Leif Drevsjø og Konrad Lønnebakken. Av dei tre var det berre Olav Moss som arbeidde ved SAFA, Leif Drevsjø var anleggsarbeidar og skytebas, mens Konrad Lønnebakken var i kraftverket på Frøland. På side 16 står det at Kjell Moss fiska fleire kasser småsild innom moloen. Det var haustgytande sild han fanga. Naustet øvst på side 15 tilhøyrer Jon Sandvik.



Publisert

av

Merkelappar: