Kraftutbygginga

Gruppa som tok  for seg arbeidet med kraftubygginga, sluttførte  i 2009, i samband med 100-års jubileet for kraftutbygginga.

Arbeidet munna ut i ei årbok, som kom ut i juni 2009, og som berre handlar om kraftutbygginga.  Gruppa har gjort eit stort arbeid, og historielaget takkar alle som var med i gruppa.

Årboka for 2009 er utseld, men du kan lasta henne ned.

I 2011 produserte historielaget filmen Straum til Bergen – Kraftutbygginga i Samnanger 1909-1935. Vi selde 800 ekemplar av filmen, men kan laga fleire. Du kan framleis kjøpe filmen på DVD. Her kan du sjå ein trailer til filmen.

Då det første byggesteget var ferdig i 1911, og kraftverket på Totland vart sett i drift, skreiv avisa: “Nu er Bergen sikret elektrisk kraft for all fremtid”. Bildet viser lysverkskaia på Tysse under byggjing i 1909. Det er ein kopi av eit foto som heng i kraftanlegget på Totland.

Dei som arbeidde med lysverksutygginga og årboka 2009 var:

  • Leiar: Solveig Tveit Nygård, 5650 Tysse, tlf 56586497.
  • Henrik Brigtsen, Åsane.
  • Svenn Arve Kleivane, Tysse.
  • Knut Langeland, Tysse.
  • Johannes Tysseland, Tysse.
  • Sture Tveit, Tysse.

Dei som var med å laga filmen i 2011 var:

  • Tor Wold
  • Bjarne Kleivane
  • Solveig Vassenden
  • Svenn Arne Kleivane
  • Solveig Vassenden
  • Vidar Trengereid
  • Knut Gjerde