Osvald K. Hisdal

Osvald Klausen Hisdal, f. 23.1.1907, som lafta Botnahytto.

( Han brukte namnet Osvald Midtsæter, etter han flytta til Kleivo på Midtsæter i Os.)

Osvald vaks opp i Hisdal i Samnanger. Foreldra hans var Klaus Johnson Hisdal f. 1879 og Brita Olsdottir Bjørnåsen f.1881. Han hadde ein bror: Jonas f. 1903 og to søstrer: Borghild f.1909 og Kristina f. 1911.

Brita og Klaus.

Broren Jonas reiste til Amerika og busette seg der. Osvald hadde også to onklar som budde i Amerika. Osvald reiste sjølv til Amerika i 1925 og imigrasjonskortet hans er datert 15.10.1925. Han busette seg først samen med broren. Seinare budde han fleire stader bl.a. i Forth Lauderdale.

Osvald.

Osvald var medlem i «Carpenters Union» og medlemskortet pr. 28. juni 1926 er merka «Aprintis» – d.v.s. «Lærling». Han hadde etter det som er fortalt i hovudsak arbeid som tømrer og snekker den tida han var i Amerika. Medlemskapet i fagforeininga og arbeidstillatelsen kan også bety at han heldt fram med utdanninga og tok fagbrev som snekker. Arbeidet som snekker må ha vært ganske bra betalt. Det er eit fotografi som viser at mora og den eine søstera hans var over til Amerika og besøkte han. I ein periode arbeida Osvald også som sjåfør og Jorunn fortalte at han då m.a. kjørte T-Ford.

Osvald sitt passfoto.

Foreldra til Osvald kjøpte i 1931 garden «Kleivo» på Midtsæter i Os. Det var mest mora som ville ha ein gard slik at ho kunne driva med geit og sau. Dei hadde i tillegg to kyr. Faren var steinarbeider / anleggsarbeider og var mykje vekke på arbeid. Dette gjorde at det blei mykje arbeid for mora på garden.  I 1935 skreiv mora eit brev til Osvald der ho bad om – eller rettare ga beskjed om – at han måtte koma heim og hjelpa til med å driva garden. Osvald reiste då tilbake til Norge i mai 1935. Han sa seinare at dersom han hadde visst kva han kom heim til – så hadde han ikkje reist!

Osvald overtok etter kvart garden og budde på Kleivo. Han gifta seg med Ester som kom frå Radøy. Dottera Jorunn (no Johnsen) budde på Kleivo saman med dei fram til 1971. Osvald reiste mykje rundt på små einmanns jobbar i Samnanger og Os utan at han var tilsett i noko firma. Osvald hadde eit godt rykte og fekk derfor mange slike jobbar.

Osvald og Ester flytta inn til Os sentrum i 1980 etter at han hadde hatt eit hjerteinfarkt. Han døde i 1982.