Vårtur til Tønnegarden og Holdhus kyrkje

Samnanger historielag sin vårtur går med veteranbuss til Fusa sundag 9. juni. Første stopp vert den nye Tønnegarden (economuseum) i Samnøy, der me både skal få omvising og mat. Vidare reiser me til gamle Holdhus kyrkje i Hålandsdalen, der ein lokal guide møter oss. Heimtur om Venjaneset-Hatvik. Etter ein kort stopp i Os køyrer me tilbake om Hegglandsdalen og Rolvsvåg.


Publisert

av

Merkelappar: