«Rosemåling i Samnanger og Os» ved Nils Georg Brekke

Nils Georg Brekke fortalde om “Os-målinga” i biblioteket 10. oktober.

Samnanger har ein lang tradisjon for rosemåling, og den spesielle Os-målinga vart utvikla til sitt høgdepunkt av Ola Lien Midtbø (f. 1832) og Annanias Tveit (f. 1847).

Annanias Tveit var sonen til Nils Tveiterås (f. 1795) i Samnanger. Nils Tveiterås hadde lært målarkunsten av far sin, Johannes Tveiterås, under oppveksten i Samnanger. Nils Tveiterås gifte seg og flytta til Hegglandsdalen i 1820, der hans slo seg ned på garden Midthus. Han kalte seg seinare Nils Midthus.

Annanias gjekk i lære hjå faren, og i 1872 kjøpte han garden Tveit, også i Hegglandsdalen, der han sette seg opp ein rosemålarvarkstad. Han kalte seg seinare Annanias Tveit. Han hadde mange læregutar i ein 20-års periode.  Annanias Tveit hadde såleis flinke folk før seg. Han var 3. generasjonen av rosemålarar frå Samnanger.

Ola Lien frå grannegarden på Lio i Hegglandsdalen, var den første som gjekk i lære hjå Nils (Tveiterås) Midthus, og han vart også ein svært dugande rosemålar. Som målarane i Samnanger ein generasjon tidlegare, reiste Ola og Annanias kringom på gardane i Os og Fusa og måla i sine unge år. Det det var særleg desse to som utvikla Os-stilen.

Nils Georg Brekke ga oss eit grundig og spanande foredrag, om korleis rosemålarkunsten kom til Samnanger, og utvikla seg vidare.   

Det var 50 frammøtte i biblioteket denne kvelden og fleire som sjølv driv med rosemåling i dag. Mange av publikum hadde med seg fine gjenstander som folk fekk sjå og som historielaget fekk registrera. Truleg blir det ein artikkel om dette i årboka 2020.

Bjarne Hauge, som er aktiv som rosemålar, viste oss kunsten.
Spesiell ølbolle frå 1835 som ein av publikum hadde med seg.


Publisert

av

Merkelappar: