Nytt om gamle dagar i Samnanger

Samnanger historielag si årbok 2013 vart “sleppt” på Antons kulturhistoriske senter på Frøland 4. desember. Redaktør for heftet er Anlaug Røen Hauge.

Årboka inneheld artiklar av Johannes Lid om krigsåra og kampen for vegutløysing i Rolvsvåg. Ivar Bård Aadland fortel om då nynorsk vart innført i skule og kyrkje i Samnanger, og om Johannes Bårdsson Tveit og dei berømte Tveitafelene. Øyvind Røen har skrive om Knut Myrland (eller Grønsdal, som han også kalla seg), som førde vidare felemakar-tradisjonen. Hanne Yndestad Aadland har bidrege med eit stykke om gamle trøyer i Samnanger. Til slutt har historielagsleiar Helge Hisdal oppsummert kva styret og laget har halde på med i året som gjekk.

Den nye årboka skal vera å få kjøpt på daglegvarebutikkane på Tysse og Bjørkheim, kommunehuset på Tysse og bokhandelen på Øyrane torg.


Publisert

av

Merkelappar: