Minneverdig historielagstur

Test
Ikkje ofte me ser Kleivavatnet frå denne kanten!

Samnanger historielag sin lokalhistoriske tur sundag 23.08.09 vart ein suksess. Skiftande ver med trugande skyer hindra ikkje folk i å møta opp. Ca 65 personar hadde teke turen til Kleivabruane denne sundags føremiddagen for å vera med på ein guida tur kring Kleivavatnet og sidan biltur til Svartavatnet.

Svenn Arve Kleivane fortalde om den 100 år gamle kraftutbyggingshistoria i området. Han viste oss også spor i landskapet etter det omfattande arbeidet. Han viste oss og snakka om gamle teknikkar i anleggsarbeidet. Sjølv om terrenget var fuktig, fekk me ein fin og lett tur kring vatnet.

Meng var møtt opp for å gå "historisk tur"
Mange var møtt opp for å gå "historisk tur"
Svenn Arve Kleivane og Helge Hisdal syner fram gamle boreteknikkar
Svenn Arve Kleivane og Helge Hisdal syner fram gamle boreteknikkar

Turen vidare til Svartavatnet var det også vel verd å få med seg. Vel framme ved Svartavatnet fekk me ein pust i bakken og me kosa oss med nista og kaffi. Tradisjonen tru serverte historielaget kringle. Etter ei litt uformell samkome, fortalde Svenn Arve Kleivane og Vidar Trengreid om anleggsarbeidet ved Svartavatnet både i eldre og nyare tider. Sistnemnde hadde mange historiar å formidla. I tillegg song han også ei rallarvise for oss.

Vidar Trengereid fortalde og song ved Svartavatnet
Vidar Trengereid fortalde og song ved Svartavatnet

Alt i alt ein vellukka tur. Takk til alle som gjorde sitt til at denne turen vart minneverdig. Ein spesiell stor takk til Svenn Arve Kleivane og Vidar Trengreid for deira deltaking under turen. Og sist, men ikkje minst; ei stor takk til BKK for velvillig utlån av hytta ved Svartavatnet under arrangementet.

Magda Haugen

Foto: Britt Haukanes og Øyvind Røen


Publisert

av

Merkelappar: