Triveleg kulturhistorisk kafé

Film og kaffi går godt saman
Film og kaffi går godt saman

Ein ny type arrangement har sett dagens lys i Samnanger – nemleg kulturhistorisk kafé. 31.oktober fann svært mange vegen til Antons kulturhistoriske senter på Frøland. Dette var tydeleg eit populært tiltak blant samningar og andre som hadde møtt opp. Det er ikkje godt å vita kor mange som var innom i løpet av dei 3 timane som arrangementet varte, men truleg godt over 100.

Kaffi og lappar var ei populær salsvare, og det såg ut for at gjestane kosa seg både med kaffikoppen, lappane og dei mange inntrykk som dei fekk hjå Anton. Ulike filmsnuttar vart viste på det store lerretet i kaférommet til stor glede for gjestane våre.

ost Bente Getz gjorde som vanleg lukke med osteprodukta sine; ho delte villig ut smaksprøvar til gjestane, og mange hadde nok med seg heimatt noko godt frå Bente sitt ostebord. Elin og Stein-Åge Liøen hadde baka lefser; mange fekk smaka og alt dei hadde med seg vart selt.

 Norvald Reistad trylla fram fine trekkspeltonar for oss og gjorde sitt til at dagen vart ekstra hyggeleg.

 Mange hadde nok ikkje sett verken den store samlinga til Anton eller fotoutstillinga frå kraftutbyggingsjubileet før, men på dette arrangementet fekk dei god tid til å studera alt innom veggane på gamleskulen på Frøland. Me trur at alle er samde om at er vorten ein stad å gleda seg over både for samningar og tilreisande.

Små og store ser på bildeutstillinga
Små og store ser på bildeutstillinga

Historielaget er godt nøgde med besøket og arrangementet, og det er ikkje heilt utenkjeleg at dette kan verta eit arrangement me kan ha fleire gongar.

Tusen takk til alle som gjorde sitt til at arrangementet vart vellukka. Ein spesiell takk til Anton og Siri Drønen for det gode samarbeidet med historielaget. Utan Anton, Siri og deira innsats i gamleskulen på Frøland hadde ikkje arrangementet fått det same innhaldet.

Magda Haugen


Publisert

av

Merkelappar: