Historisk fond

Tek du vare på kulturminne i Samnanger?

Ein del av Samnanger historielag sitt overskot har gått inn i eit fond, Kulturhistorisk fond.

Samnanger Historielag sitt fondstyre har midlar til rådvelde for utdeling. Me ynskjer å dela ut midlane til lag, organisasjonar, private, verksemder (næringsdrivande) eller offentlege instansar, som har gjort noko ekstra i høve å ta vare på kulturhistorie i Samnanger. Det kan vera innan lokal historie, kulturminne, byggeskikk, musikk, idrett, tekst osv. Midlar kan ikkje verta utbetalt før prosjektet er ferdigstilt.

Fondstyret har laga eit enkelt skjema som ein må fylla ut. Søknadsfristen er sett til 20.oktober 2015.  Sjå lysning i Samningen.

Kjenner du nokon som har gjort ein innsats for kulturen i Samnanger, tips oss om det. Fondstyret for 2015 er: Bjarne Hauge,  Tone Tysseland Holmefjord og Audhild Aadland Olsnes.

Sjå statuttane for fondet her.

Søknadsskjema finn du her: