Hausttur til seters.

2. september -18.

I dag gikk turen til Ådlandssetrene, som ligg i Fusa, rett over grensa frå Sævild. 21 turglade medlemar gjekk på fin vei/sti, i lett terreng dei knapt 2 km frå Va der vi sette bilane. Våre gode guidar, Håkon Aadland og Torfinn Kolle ga oss eit spennande innblikk stølshistoria her.

Inntil Va går det fin bomveg, (40 kr), og der er det god parkering. Herfrå kan ein gå i lett terreng heilt til Dale i Fusa, eller tilbake til Barmen i Samnanger. Vil ein høgt opp, er det merka sti til Burfjellet. Vi valde å ta det roleg, og høyra på guidane våre. Va har vore stevneplass, og det har gått fedrifter frå Fusa til Bergen denne vegen.

Vi gjekk inn til Ådlandssetrene og hadde kafferast og hygga oss der før vi skilde lag. Ei gruppe tok turen til Bjergane husmannsplass, som for lengst er fråflytta. Den andre gruppa gikk litt høgare opp i Burlia til Lisetra, der ein så vidt kan se restar etter hustuftene.

Folk frå Austevoll og øyane leigde beite i området i gamle tider. Dei tok beista i båt til Kalven før dei jagde dei opp til beite i Burlia. Også gardane Li og Kleppe hadde sommarbeite i Burlia, innunder fjellet. Dei tok beista i land i Sætervika, og følgde dei opp over Barmen til Atasæterdalen. Dei følgde dalen heilt til Va, og så vidare opp i Burlia.

Det var kanskje noe i det spelemannen Knutin Kleppe sa. Når dei spurde han kor han hadde lært å spele, svara han at det hadde han lært av huldrefoket i Burlia.


Publisert

av

Merkelappar: