Føregangskvinna Kari Øpstad

 

Kari Øpstad med hunden Eir. (Foto: Lokalhistorisk arkiv Fusa)  Kari Øpstad med hunden Eir (Lokalhistorisk arkiv Fusa)
Både fusingar og samningar møtte opp på Antons kulturhistoriske senter 19. november, for å høyra om dokter Kari Øpstad (f. 1890). Det kom så mange at det ikkje var stolar til alle.

Foredragshaldar var Ella Marie Brekke Vangsnes, forfattar av bygdebøkene for Fusa. Ho fortalde på ein engasjerande måte, og viste gamle fotografi. Ho innleidde med å snakka om kvinnene si stilling på bygdene for om vel hundre år sidan. Kari Øpstad voks opp på gard i kyrkjebygda Fusa, utan mor, men med ein far som hadde stor tru på kvinner –  “om dei var av rette slaget”. Prestekona i bygda viste ei særleg omsut for den kvikke jenta.

Kari Øpstad viste tidleg mot og initiativ, og ho vart sterk av å vera med på arbeidet på garden – også tradisjonelt mannsarbeid. Dette fekk ho bruk for som distriktslege, med 80 timars arbeidsveke.

Tidleg på 1900-talet var det heilt uvanleg at kvinner utdanna seg til lege. Kari Øpstad arbeidde for å tena pengar til studia, og vart ein fattig bondestudent i Oslo. Ho vart råka av ein alvorleg lungesjukdom, men kom seg att. I 1923 fekk ho endeleg embetseksamen.

Etter eitt år ved Rogaland sjukehus vart ho kommunelege i Samnanger. I 1928 vart ho vald inn for “Edruelighetslisten” i Samnanger heradstyre, som første kvinne. Frå 1931 til ho flytta attende til Fusa i 1938 dreiv Kari Øpstad privat praksis i Sarpsborg.

Distrikslegen i Fusa hadde Samnanger som ein del av ansvarsområdet. Dokter Øpstad hadde ikkje greidd å arbeida så lange dagar (og til dels netter) om ho ikkje hadde hatt den trufaste hushalderska Inga Storli til å hjelpa seg. I Samnanger-tida hadde ho lært å køyra bil – men her var framleis veglause grender. Dokterskyssen gjekk til tider i open båt, eller med hest.

Kari Øpstad var samfunnsengasjert, og brann særleg for fråhaldssaka. På Fusa skipa ho ein losje for born. Ho inviterte til 17.-maifeiring i doktergarden, og tok aktivt del i motstandsarbeidet under krigen. Frå 1943 til 1944 opna ho heimen sin for den slovakiske jødeguten Edgar Brichta.

Med bilen sin hjelpte ho motstandsfolk til å rømma. Nazistane sette henne i fengsel i Bergen i ei tid, truleg på grunn av radioar dei fann i doktergarden. Heldigvis oppdaga ikkje tyskarane jødeguten. Egdar Brichta kom levande frå krigen, i motsetnad til foreldra og søstera i heimlandet. Han utvandra til USA og utdanna seg til lege i Canada. Du kan lesa om han i boka “Det niende barnet” av Frank Rossavik.

Kari Øpstad var distriktslege til 1962, men gav ikkje opp yrket sitt. Ho hadde privat praksis i Bergen fram til ho døydde i ei trafikkulukke i 1974, 84 år gammal.

Ella Marie Brekke Vangsnes har skrive om Kari Øpstad i bygdebøkene “Heilt andre tider” og “Verda inn over dørstokken. Krigsminne frå Fusa.”

Anne Liv Haukanes

Ella Marie Brekke Vangsnes fortel om Kari Øpstad. T.v. ser me dokter Øpstad som sjåfør. (Foto: Helge Hisdal)
Ella Marie Brekke Vangsnes fortel om Kari Øpstad. T.v. ser me dokter Øpstad som sjåfør. (Foto: Helge Hisdal)
Folksamt i Antons kulturhistoriske senter. (Foto: Helge Hisdal)
Folksamt i Antons kulturhistoriske senter. (Foto: Helge Hisdal)

Publisert

av

Merkelappar: