Botnahytto

Hytto er eit freda kultur- og krigs-minnesmerke.

Tømmerhytta ligg på gnr.1, bnr. 4, Solbjørg, i Samnanger, ikkje langt fra grensa mot Os.              Fredrik Øvredal, fd.1915, bygsla grunnen under hytta i 1938.                                               Fredrik var ivrig fugle- og storvilt-jeger og tenkte å bruka hytta, som ligg svært fint til på neset i Botavatnet, om lag 215 m o.h., til overnatting under jakta og til annan friluftsaktivitet.  Hytta vart bygd i perioden 1939-42. Tømmeret vart kjøpt og hogge rundt tomten og bror til Fredrik, Knut, var oppe med fjordingen og frakta tømmeret til byggeplassen. Sutak og golv bar Fredrik og brørene hans Knut, Einar og Haldor opp Baggjeskaret hausten 41 og lagra det i sørenden av Botnavatnet. Så transpoterte dei materialane over  isen om vinteren. Noko kløva Knut opp med hest om Baggjeskaret, ein utruleg prestasjon, for der er det bratt.     Hytta vart lafta og bygd av byggmester Osvald Midtsæter, fødd og oppvaksen i Hisdal, med hjelp frå Fredrik og brørene.                         

Så vart først Haldor, 19 år, ettersøkt av gestapo (1) hausten 41 og så Fredrik.                                                  Hytta, som ligg avsides til, viste seg som ein ypperleg gøymestad for flyktingar og vart mykje brukt frå 42 til 45 av  Milorg og Saborg folk frå Os, Samnanger og Bergen (1).                    Der var to episodar med besøk av tysk patrulje, men då var folket i hytta varsla og hadde rydda. Søster til Fredrik, Marta, hengde ut kvitt laken i lemsglaset i Øvredalen, dette tydde tyskarar i dalen. På nord, aust og sør sida var det folket i Rolvsvåg, på Solbjørg og Lønningdal som varsla.                                                                                                                            Anna og Nils Rolvsvåg gjorde ein stort og viktig arbeid frå første rømlingen, Haldor, dukka opp hausten 1941 og fram til freden kom. Dei sa aldri nei til å husa folk som var ettersøkte, fleire av dei var dødsdømde. Her fekk dei mat og husly til dei kom seg vidare til meir permanente gøymestader, som, til dømes, Hope, Kolle og Ærvika, eller dei rømde til England.

26. september 1944 nødlanda det eit kanadisk Wellintgton bombefly  på Søre Neset i Os. Forfattaren Arnfinn Haga har skildra desse hendingane i bøkene sine «Det regner i fjellet» (1) og «Nødlanding» (2). Etter ein fantastisk innsats av lokalbefolkninga, Milorg og Saborg vart heile flymannskapet på seks redda til Botnahytto om Lønningdal og Øvredal.  Kanadiarane døpte hytta og området her «Little Canada», det likna på heimtraktene deira i Ontario. Dei 6 kanadiske gutane vart, etter 9 dager her, henta og frakta forbi store mengder tyske vaktbåter ved ubåthavna i Hatvik med «Snøgg», til Austevoll, der Shetlands Larsen plukka dei opp og leverte dei på Shetland. Då BBC sendte meldinga «Det regner i fjellet» ( det tydde at gutane var trygt på Shetland) var det tilløp til fest i Botnahytto, fortalde Haldor.                          Heile og deler av flymannskapet, med fameliar, har seinare vore attende fleire gonger og besøkt hytta og sett det kanadiske flagget der, under stor bevegelse. Historieselskapet Candien Military Heritage seier om hendelse: «Den er utvilsomt en enestående begivenhet i historien om det kanadiske luftvåpen i annen verdenskrig». Den englske krigshistorikaren Graham Pitchfork har og skrive om denne historia for the National Archives. (3).

Åra etter krigen brukte Fredrik og brørene hytta under fuglejakta, i påsker og om sumrane. Søstrene Ingeborg og Marta reiste ein gong for året opp og hadde rundvask. Hytta har opp gjennom åra stått her som eit klenodium og turmål . Mange gamle og unge har hatt gode tur og fiske opplevingar her.                                                                                                        Men etter som tidene endra seg vart hytta mindre og mindre brukt og forfallet tiltok. Det vart gjort fleire forsøk på å få restauret hytta, men dei var ikkje vellukka.

I 2012 tok Samnanger kommune Botnahytto med i den nye kulturminneplanen som krigsminnesmerke. Dette sette ny glød i restaureringstanken.                                                       Med god hjelp frå Samnanger kommune, Hordaland Fylkeskommune, Rikantikvaren, UNI fonda, Bjørn Døsen, Vestnorsk Bygningsvernsenter v. Trond Oalann o.a, Mats Hjelle, Finn Øvredal, Bjarne Øvredal, mange andre interesserte og tømmer frå Rolvsvågen (som vart løfta opp med helikopter) har det vore mogeleg å få hytta i den stand den er i no. Målet har vore å bevara intriøret så originalt som mogeleg (krav frå Riksantikvaren).

Ønsket er at den i mange år skal vera eit triveleg turmål med utgangspunkter frå Rolvsvåg, Øvredal eller Lønningdal. I tillegg er håpet vårt at den og må vera med å gje kunnskap til komande generasjonar om kva som hendte i krigsåra 1940 til 1945.

Botnahytto er i dag eigd av grunneigar på Gnr 1 Bnr 4 på Solbjørg i Samnanger.

Bildet teke ved huset til Nils og Ida i Øvredal, viser frå venstre Torbjørn (Tobben) Lyssand, Ruth (Linken) Jørstad (dotter til Peter Furuboten, han budde eit par mnd her), Jacob Hjelle og Haldor Øvredal.

Jacob Hjelle, saman med m.a. Magnus Hauge, starta og organiserte mykje av aksjonen som redda dei seks kanadiske flyvarane. Han samkjørte aktivitetane til Milorg og Saborg i Os og Samnanger på ein god måte.

Torbjørn og Haldor deltok svært aktivt i redningsarbeidet og i andre sabotasjeaksjonar, ofte med Botnahytto som base, frå 1942 til 1945.

Dei 6 kanadiske flygarane som vart gøymde i Botahytto («Little Canada») frå 1. til 9. oktober 1944.  Bak frå venstre: (Wireless Air Gunners) (L-R): Harvey (Red) Firestone (lever i 2016), Ken Graham, George Grandy.                                                                                                   Framme frå venstre: (pilots) George Deeth, Gord Biddle, (navigator) Maurice Neil

Tegning (s.3) av Wellington GR MkXIV flyet som naudlanda på Baggane på Haugland i Os           26. september 1944. ( Bildet er henta frå Os og Fusaposten  29. september 1999.)


Ei samling Saborg og Milorg folk som brukte hytta, i lange periodar, frå 1942 til 1945.                                         Frå venstre Jakob Hjelle, Torbjørn (Tobben) Lyssand, Kjell Harmens, Ivar Dyngeland,        Haldor Øvredal og Rolf (Piten) Olsen. (4)       Bildet er frå 1944.

Slik vurderer Vestland fylkeskommune Botnahytto som kulturminne:

Vestland fylkeskommune vurderer Botnahytta som eit kulturminne med nasjonal verdi, grunna hytta si historie under andre verdskrigen. Motstandsrøyrsla er ein viktig del av den norske krigshistoria, men samanlikna med okkupasjonsmaktens verksemd har motstandsarbeidet etterlate seg langt færre fysiske kulturminne. Dei som enno finst, vert difor ekstra verdifulle. Nedskotne allierte flygarar som rømte frå tyskkontrollerte område er eit omfattande fenomen frå den andre verdskrigen. Botnahytto er med dette ikkje berre eit kulturminne knytt til motstandsrøyrsla i Noreg, men òg til luftkrigen over Europa og særskilt til innsatsen for å ta hand om nedskotne flygarar. Botnahytto har i denne samanhengen fått internasjonal merksemd. Hytta framstår i dag mest mogleg som ho gjorde under krigen, og bortsett frå naudsynt istandsetting er ho svært lite endra.

Botnahytto, med innbu og området rundt, er midlertidig freda med heimel i lov om kulturminner. Kulturmine-ID 212017-1.

GPS: (EU 89): 60.298530328514, 5.5846570347849

Vidare lesning:Olav Midtsæter, fødd Hisdal, som lafta hytta.

Bøker:

(1):       «Det regner i fjellet».                 Forfattar: Arnfinn Haga.  ISBN 82-514-0111-9                                                 (2):       «Nødlanding».                           Forfattar: Arnfinn Haga.  ISBN 978-82-02-327750       (3):   «Shot down and on the run»             Forfattar: Graham Pitchfork.  ISBN 1-903365-53-8.         (4):         “Også vi når det blir krevet”     Forfattara: Abraham og Olsen. ISBN 978-82-8163-081-9