Bokslepp 2018 torsdag 8. november kl 19 i Antons kulturhistoriske senter.

Den nye årboka er ferdig, og frå torsdag 8. november er ho i sal. Vi feirar dette med bokslepp. Det vert kåseri ved Tor Wold, som fortel om sjøfart og fiske og litt av kvart. Etterpå blir det kaffi og vaflar. Alle er velkomne!

Årbokproduksjonen er kanskje det viktigaste vi gjer i historielaget. I år dreg halve årbok-komiteen seg, etter lang og tru innsats. Anlaug Røen Hauge og Ivar Bård Ådland har vore med i mange år, og ber om å få avløysing. Kari Høysæter Steinsland og Tor Wold fortset. Arbeidet er triveleg og meiningsfylt. Vi treng to nye medlemar til nemnda, og håpar du kan tenke deg å gjera ein innsats. Eller kanskje du kjenner nokon som har lyst?

Også i år inneheld årboka mykje spennande stoff.  Me held fram med serien «Livet langs fjorden» som me starta på i fjor. Her vert me meir kjende med jaktefarten som hadde si glanstid utover på 1800-talet. Når me først er på sjøen, får me også høyra om losvesenet i Noreg og om losen Lars Johannesen, eller «Vikalosen» som han òg vart kalla.

Sjølv om det er over 73 år sidan 2. verdskrigen slutta, er det framleis mykje udokumentert stoff om okkupasjonstida. Denne gongen har me med tre artiklar frå denne tida. Me får høyra korleis ein ung sjømann opplevde å gå i konvoi over Atlanteren i 1940 med fare for å verta angripen av tyske ubåtar. Me får eit nærare innblikk i kampane på Fossen Bratte, og me får høyra korleis det var å vera ein liten gut på Totland i denne tida.
Me skal også ein tur til fjells, både til Grønsdalen og skulevegen for borna der, og til Bjørnåsen og dei som bygde opp denne fine plassen.

 


Publisert

av

Merkelappar: