Samnanger historielag sitt behandlingsgrunnlag for innsamling og oppbevaring av persondata av ikkje sensitiv natur.
Historielaget samlar historiske foto frå kommunen, og i beskrivinga av fotoa namn og info om dei som er avbilda. Bilda ligg på historielaget sin datamaskin, og blir nå indeksert så det er mogleg å søke på namn.
I samband med produksjonen av årboka samlar også historielaget inn historier og bakgrunnsstoff. Dette er som regel stoff av historisk verdi, og såleis nyttig i samband med laget sin formålsparagraf.
Arbeidet skjer i medhald av Lov om personopplysningar § 8. I tillegg vert aktuelle personar for framtida informert, ved nyregistrering.
Historielaget samlar ikkje inn informasjon av sensitiv natur, (så som etnisitet, seksuell legning og liknande.)