Årboka 2016: Bokslepp hos Anton onsdag 30/11 kl 19.

Onsdag 30/11 kl 19.00 lagar historielaget til bokslepp i Antons kulturhistoriske verksted.

Svein O. Aadland kjem og held kåseri. Sal av kaffi og litt å bita i.  Vel møtt!

arbok-2016

Jomfru Maria kom frå Samnanger.

Ja, slik skreiv Tor Wold i den første historiske årboka for Samnanger historielag. Ho vart utgjeven i år 2000. Wold kom ikkje med noka ny teologisk utgreiing,men viste til den flotte statua av Jomfru Maria i vestfronten av Nidarosdomen. Denne mannshøge statua og mange fleire av statuene der, er skorne ut av kleberstein eller klåstein frå Fagerbotn i Trengereidfjorden.

Søndag 4. september hadde historielaget tur til dette området som truleg er ukjent for mange samningar. I fint solskin tok 26 personar frå sju til nittiein år, dei fleste til fots, seg oppover på ein uvanleg god veg med tanke på kor gammal han er. Gullfjellet trona majestetisk i bakgrunnen, og den fine vegen enda i ei bratt skråning.

Veteranen Nils Nordbø (til høre) kleiv til topps og fortalde om drifta då han var med og tok ut stein.

Veteranen Nils Nordbø (til høgre) kleiv til topps og fortalde om drifta da han var med og tok ut stein.

 

Det var i 1933 det heile starta. Jakob Nordbø,ein mann som var interessert i mykje, fann kleberstein i Fagerbotnen, tok kontakt med rette folka og det resulterte i prøveboring.

Drifta som starta i 1935, stod Vestlandske Steinhuggeri for. Dei var ei stor verksemd som hadde levert stein til dei fleste steinbygningane i Bergen. Vegen til Trengereidfjorden var ikkje ferdig så steinen gjekk med båttransport til Bergen, men først måtte det byggjast veg opp til Fagerbotnen.

Denne vegen førte oss notidsmenneske til ein arbeidsstad som me lett kunne tenkja oss hadde vore både vanskeleg og fårleg. Me fekk pulsen opp då me kleiv oppover lia der det framleis var restar av trallebana der svære steinblokker på opptil fem tonn vart festa og sende nedover tilvegen. Store blokker utan sprekker var spesialiteten frå steinbrotet i Fagerbotnen. Det gjekk godt bortsett frå ein gong.Dei greidde ikkje bremsa nok så steinen for rasande, og tennene frå tannhjulet skvatt i alle retningar. Heldigvis var ingen i løypa nedunder, og steinen bora seg tilslutt djupt ned i vegbana. Ein arbeidar fekk berre små skader.

Det var heilt spesielt å stå der i det tilgrodde steinbrotet og høyra om arbeid og hendingar fortaIde av leiaren ihistorielaget, Helge Hisdal med god assistanse av Tor Wold, som har skrive grundig om både dette steinbrotet og andre klebersteinsbrot i Samnanger. Og det aller mest spesielle: Nils Nordbø, nittieinåringen som arbeidde i mange år i desse bratte skråningane for å få ut svære blokker der mange vart store statuer i nasjonalheilagdomen vår i Trondheim. No var han attende på gamle trakter. Rett nok med stav der me kleiv oss oppover,men med sitt nærvær og sine kommentarar, fekk me vera med på noko stort og uvanleg. Hjartans takk!

Turen vart avslutta i strålande solskin og varme ved ei hytte som var ibruk under anleggstida. Her fekk me både spørja og takka for ein gjevande dag. Tor W. viste bilete frå Nidarosdomen og oppmoda oss om å studera katedralen ekstra godt neste gong me kom til Trondheim. Dei flotte statuene er litt «samningar». Siste gongen dei tok ut stein var i73 eller 74. Då trong dei meir stein i restaureingsarbeidet på  Nidarosdomen.

Vil du vita meir om steinbrot i Samnanger, finn du årboka på nettet eller du kan kjøpa ei gammal årbok. Berre ta kontakt!

Referent Solvor Aadland

Tur med historielaget til Ulvik.

Søndag 5.6 var 35 stk. på flott busstur i strålande sol med Kjell Ove Fossdal som sjåfør med ein veteranbuss frå 1977.Leiaren i historielaget Helge Hisdal fortalde gode historiar på vegen.
 Snapchat-2168593299168521487
Me hadde ein fin og interesann stund på Olav H.Hauge senteret, deriblant ein film der diktaren sjølv fortalde og las dikt.
Snapchat-2175817105303782952
God middag i Ulvik og så vidare med ein lokal guide i Ulvik.
Snapchat-1930835974120294391
Der var me på Syse gard og fekk sjå oss om, smaka på cider og handla lokale varer. Snapchat-8073716589410673218
 Turen gjekk vidare til Osa, med stopp der me fekk gå på den smale gamle vegen til Osa.
 Snapchat-8494491546658382094
Endå var det eit stopp der me fekk vandra opp i ei kuldegrop, ei hole i fjellet, der det var like kaldt som i eit kjøleskap. Noko som var svært godt den varme dagen. Me avslutta dagen i Osa, i eit gamalt skulehus der me fekk sjå gamle bileta av staden Osa, som egentleg skulle bli ein by.
Snapchat-8652783305852159015
 Så var det å køyre heimatt, no om Voss.  Alle var einige om at turen hadde vore flott.
For historielaget, skrivar A.A.O
Snapchat-3711372763441532145

Nye årbøker lagt ut.

3 nye årbøker er nå lagt ut.

Alle årbøkene fram til 2011 ligg nå på heimesida.

 

Årbok 2011 Årbok 2010 Årbok 2009

Hesteskyss med turistar over Kvamskogen.

HesteskyssIMG_5644a22. okt 2015 heldt Øyvind Neteland foredrag om Hesteskyss over Kvamskogen, i Antons kulturhistoriske senter.  Han vaks opp i Steinsdalen og har budd der heile livet, mykje av tida som gardbrukar.

 

 

 

 

 

 

00024Han hugsar godt hesteskyssinga av turistar frå Tysse til Nordheimsund, og kunne fortelja levande om denne trafikken. Turistskip frå mellom anna England og Tyskland ankra opp utanfor Tyssekaien.

 

 

 

 

 

00207Opptil 200 hestar med karjolar var klare og køyrde turistane over Kvamskogen til Norheimsund, der dei vart henta.

Det var fleire i salen som også hadde gode historer dei sjølv hadde opplevt.

 

 

 

 

00297

Ungane plukka blomster, som dei forsøkte å selja til turistane. Her ser vi Unni Litangen, gift Tverlid, og to nabogutar på haugen på Sandneset, Ytre Tysse. Det var ein engelsk turist som tok bildet og sendte det til Unni.

Helge Hisdal har halde treskokurs på Tysnes.

Tysnes historielag har helde treskokurs med vår eigen Helge Hisdal som instruktør.

24/9 skreiv avisa Tysnes 2 heile sider om kurset: Side 1 Side 2

15 Dutchclogs

Havråtunet, Osterøy museum og Hamrekyrkja med buss.

DSC02245DSC02250
                                      

14. juli gjekk veteranbussen frå BHV til Osterøy. Vårturen til Historielaget gjekk med full buss til Havråtunet, der me fekk omvising.
Etter besøk på Osterøy museum og middag på Osterøykroa, var siste programpost Hamre kyrkje.
Både Havråtunet, museet og Hamre kyrkje er flotte plassar, like i nærleiken, som mange ikkje hadde sett. Dei er lette å koma til, og vel verd eit besøk.

                                      

DSC02274

DSC02300

 

 

Føregangskvinna Kari Øpstad

 

Kari Øpstad med hunden Eir. (Foto: Lokalhistorisk arkiv Fusa)  Kari Øpstad med hunden Eir (Lokalhistorisk arkiv Fusa)
Både fusingar og samningar møtte opp på Antons kulturhistoriske senter 19. november, for å høyra om dokter Kari Øpstad (f. 1890). Det kom så mange at det ikkje var stolar til alle.

Foredragshaldar var Ella Marie Brekke Vangsnes, forfattar av bygdebøkene for Fusa. Ho fortalde på ein engasjerande måte, og viste gamle fotografi. Ho innleidde med å snakka om kvinnene si stilling på bygdene for om vel hundre år sidan. Kari Øpstad voks opp på gard i kyrkjebygda Fusa, utan mor, men med ein far som hadde stor tru på kvinner –  “om dei var av rette slaget”. Prestekona i bygda viste ei særleg omsut for den kvikke jenta.

Kari Øpstad viste tidleg mot og initiativ, og ho vart sterk av å vera med på arbeidet på garden – også tradisjonelt mannsarbeid. Dette fekk ho bruk for som distriktslege, med 80 timars arbeidsveke.

Tidleg på 1900-talet var det heilt uvanleg at kvinner utdanna seg til lege. Kari Øpstad arbeidde for å tena pengar til studia, og vart ein fattig bondestudent i Oslo. Ho vart råka av ein alvorleg lungesjukdom, men kom seg att. I 1923 fekk ho endeleg embetseksamen.

Etter eitt år ved Rogaland sjukehus vart ho kommunelege i Samnanger. I 1928 vart ho vald inn for “Edruelighetslisten” i Samnanger heradstyre, som første kvinne. Frå 1931 til ho flytta attende til Fusa i 1938 dreiv Kari Øpstad privat praksis i Sarpsborg.

Distrikslegen i Fusa hadde Samnanger som ein del av ansvarsområdet. Dokter Øpstad hadde ikkje greidd å arbeida så lange dagar (og til dels netter) om ho ikkje hadde hatt den trufaste hushalderska Inga Storli til å hjelpa seg. I Samnanger-tida hadde ho lært å køyra bil – men her var framleis veglause grender. Dokterskyssen gjekk til tider i open båt, eller med hest.

Kari Øpstad var samfunnsengasjert, og brann særleg for fråhaldssaka. På Fusa skipa ho ein losje for born. Ho inviterte til 17.-maifeiring i doktergarden, og tok aktivt del i motstandsarbeidet under krigen. Frå 1943 til 1944 opna ho heimen sin for den slovakiske jødeguten Edgar Brichta.

Med bilen sin hjelpte ho motstandsfolk til å rømma. Nazistane sette henne i fengsel i Bergen i ei tid, truleg på grunn av radioar dei fann i doktergarden. Heldigvis oppdaga ikkje tyskarane jødeguten. Egdar Brichta kom levande frå krigen, i motsetnad til foreldra og søstera i heimlandet. Han utvandra til USA og utdanna seg til lege i Canada. Du kan lesa om han i boka “Det niende barnet” av Frank Rossavik.

Kari Øpstad var distriktslege til 1962, men gav ikkje opp yrket sitt. Ho hadde privat praksis i Bergen fram til ho døydde i ei trafikkulukke i 1974, 84 år gammal.

Ella Marie Brekke Vangsnes har skrive om Kari Øpstad i bygdebøkene “Heilt andre tider” og “Verda inn over dørstokken. Krigsminne frå Fusa.”

Anne Liv Haukanes

Ella Marie Brekke Vangsnes fortel om Kari Øpstad. T.v. ser me dokter Øpstad som sjåfør. (Foto: Helge Hisdal)

Ella Marie Brekke Vangsnes fortel om Kari Øpstad. T.v. ser me dokter Øpstad som sjåfør. (Foto: Helge Hisdal)

Folksamt i Antons kulturhistoriske senter. (Foto: Helge Hisdal)

Folksamt i Antons kulturhistoriske senter. (Foto: Helge Hisdal)

Feira grunnlova med statistar frå 1814

Aarebrot

Vesle Samnanger – framleis ein sjølvstyrt kommune – feira grunnlov, demokrati og nasjonalt sjølvstende sundag 5. oktober. Samnanger historielag var tilskipar, og jubileet gjekk føre seg i Nordbygda grendahus Me hadde fått tak i ein kunnskapsrik  foredragshaldar frå nabokommunen i vest (Bergen): Frank Aarebrot, rikssynsar og professor i samanliknande politikk.

Kring hundre samningar deltok. Tysse-Nordbygda musikklag ramma inn foredraget med feiande musikk. Dei opna med “Den norske løve” av Oscar Borg og avslutta med “Vestlandsfjord” av samningen Sigurd Reistad.

Den første av to allsongar var den gamle nasjonalsongen vår “Sønner av Norge”. Dette er den einaste nasjonalsongen Stortinget har gjort vedtak om, fortalde Frank Aarebrot. “Ja, vil elsker” av Bjørnstjerne Bjørnson vart dikta med tanke på ein skandinavisk stat. – Det er folket som har bestemt at “Ja, vi elsker” skal vera nasjonalsong, sa Aarebrot.

Professoren talte engasjerande og utan manus i meir enn ein time. Han byrja med bakgrunnen for 1814, og snakka seg framover i tida. Han understreka kor viktig England si rolle var då Noreg etablerte seg som ein sjølvstendig nasjon.

Elevar frå Samnanger barneskule framførde eit lite tablå frå 1814, kledde i kostyme frå den tida og med utstillingsdokker som statistar. Dei fekk m.a. fram at folk flest ikkje var spesielt interesserte i at Noreg skulle få si eiga grunnlov. Det var dårlege tider, og stor mangel på mat.

Ansvarleg både for dramainnslaget og kostyma var Hanne Yndestad Aadland, til dagleg lærar ved Samnanger barneskule. Kostyma er sydde spesielt for 1814-jubileet. Hanne har grave fram kunnskap om korleis folk var kledde på den tida, og m.a. nytta lokale kjelder. I tillegg til sivile klede var det med to jeger-uniformer. 35 menn frå Samnanger var soldatar på Austlandet 1807–1814.

Kostyma frå 1814 vart også nytta då 6. klasse hadde eit innslag under 17. mai-feiringa i Samnangerbygda, og på sommarfesten til barneskulen.

Tidlegare i haust har ein del av plagga vore vist på dokker i heradshuset på Tysse. Mang ein samning har fått seg ein støkk når dei har gått inn hovuddøra og vorte møtt av urørlege skikkelsar frå 1814.

Hanne Yndestad Aadland har samarbeidd med kommunen og historielaget om kostymeutstillinga. I ein illustrert brosjyre ho har laga kan me lesa om korleis samningane var kledde i 1814.

 

Samnanger historielag v/Anne Liv Haukanes

– Langsomt ble landet vårt eget

Med denne strofa frå Nordahl Grieg’s dikt “17. mai” 1940 avslutta Frank Aarebrot “200 år på 200 minutt”, eit foredrag til jubileet for 1814. NRK gjorde opptak av seansen.

Snart kan me høyre den frittalande bergensprofessoren “live” i Nordbygda grendahus. Sundag 5. oktober (kl. 17) inviterer Samnanger historielag til grunnlovsfeiring, og me er så heldige at me har fått Frank Aarebrot til å halda foredrag. (Men ikkje så lenge som i 200 minutt!)

Frank Aarebrot er professor i samanliknande politikk ved universitetet i Bergen, og professor II i demokratiutvikling ved Örebro universitet i Sverige. I foredraget vil han ta utgangspunkt i grunnlova vår frå 1814, og fortelja om vegen fram mot nasjonalt sjølvstende. Aarebrot har mykje kunnskap, og samtidig ei evne til å fortelja på ein folkeleg og fengjande måte som appellerer både til unge og eldre.

I tillegg til foredraget vert det allsong, musikk ved Tysse-Nordbygda musikklag og teaterinnslag frå gamle dagar ved elevar frå mellomtrinnet på Samnanger barneskule.

Alle er hjarteleg velkomne.

 

Samnanger historielag v/styret