Widerøebileta

1. september 1950 flaug Widerøes flyveselskap på oppdrag frå forsvaret over Samnanger. Dei fotograferte strategisk viktige punkt som SAFA, Tysse og fjorden frå Utskot-Rolvsvåg ut mot Hovdasundet i retning Os.

I 1955 gjentok dei turen til Tysse, men då fotograferte dei Eikedalen også. Erfaringene frå krigen hadde nok litt å seie for valet av fotomotiv. Fotografen het Vilhelm Skappel.

Bilata vart nok ikkje viktige i forsvarsamanheng. Men Wiederøe kunne etter kvart selja bilete til folk av husa deira frå lufta. Over heile landet selde Wiederøe slike bilete. Dei var svært populære.

I 1966 er dei siste Widerøe-bileta av Samnanger tatt. På 70-talet var ikkje dette lengre lønsamt. Widerøe ville kvitta seg med negativa, og prøvde å selja dei til kommunane. Viss kommunen ikkje kjøpte, ga dei bileta til eit museum.

Då historielaget starta å leite etter bileta, forsøkte vi på Hordamuseet, som hadde overtatt bileta i Hordaland, men dei hadde dei ikkje. I kommunen traff me ei som har lang hukommelse og god oversikt: Ragnhild Langeland. Ho fann dei raskt fram frå arkivet, der dei hadde lege sidan rådmann Kåre Høysæter kjøpte dei i 1973 for 4800 kr.

Historielaget fekk hand om biletskatten mot å scanna han inn og gjera han tilgjengeleg. Dei som vil kjøpa bilete på prent, kan ta kontakt med oss. Vi kan også levera utsnitt av bilete med stor detaljrikdom.

Nedanfor kan du bla gjennom bileta i mindre format, sortert etter år. Slik bruker du galleriet:

  1. Velg året du vil sjå bilete frå under.
  2. Du får då opp alle bileta frå dette året. Dersom du klikkar på eit av bileta, går visninga over til større format. Der kan du også bla deg fram og tilbake i bileta frå det aktuelle året.
  3. Trykk på krysset oppe i hjørnet for å lukka denne visninga igjen.