Kraftutbygginga
Gruppa som tok for seg arbeidet med kraftubygginga, sluttførte i 2009, i samband med 100-års jubileet for kraftutbygginga. Arbeidet munna ut i ei årbok, som kom ut i juni 2009, og som berre handlar om kraftutbygginga. Gruppa har gjort eit stort arbeid, og historielaget takkar alle som var med i gruppa.
Du kan kjøpa årboka om lysverksutbygginga hos oss. Bileta frå utbygginga kan du sjå i Antons kulturhistoriske senter på Frøland. Hvis vi får det til, vert det laga ein film om kraftutbygginga.
Bilettekst: Då det første byggesteget var ferdig i 1911, og kraftverket på Totland vart sett i drift, skreiv avisa: “Nu er Bergen sikret elektrisk kraft for all fremtid”. Bildet viser lysverkskaia på Tysse under byggjing i 1909. Det er ein kopi av eit foto som heng i kraftanlegget på Totland.
Dei som har arbeidd med lysverksutygginga og årboka 2009:
- Leiar: Solveig Tveit Nygård, 5650 Tysse, tlf 56586497.
- Henrik Brigtsen, Åsane.
- Svenn Arve Kleivane, Tysse.
- Knut Langeland, Tysse.
- Johannes Tysseland, Tysse.
- Sture Tveit, Tysse.
