Historisk fond

Tek du vare på kulturminne i Samnanger?

2009 er kulturminneåret, og difor passar det bra at Samnanger historielag for første gong deler ut midlar frå fondet som er opparbeidd gjennom dei 9 åra historielaget har eksistert.

Samnanger Historielag sitt fondstyre har altså i år midlar til rådvelde for utdeling. Me ynskjer å dela ut midlane til lag, organisasjonar, private, verksemder (næringsdrivande) eller offentlege instansar som har gjort noko ekstra i høve å ta vare på kulturhistorie i Samnanger. Det kan vera innan lokal historie, kulturminne, byggeskikk, musikk, idrett, tekst osv. Midlar kan ikkje verta utbetalt før prosjektet er ferdigstilt.

Fondstyret har laga eit enkelt skjema som ein må fylla ut. Søknadsfristen er sett til 20.mai 2009. Tildeling vil truleg skje i juni 2009. Sjå lysing annan stad i bladet.

Kjenner du nokon som har gjort ein innsats for kulturen i Samnanger, tips oss om det. Fondstyret for 2009 er: Magda Haugen, Bjarne Hauge og Tone Tysseland Holmefjord.

Sjå statuttane for fondet her.

Søknadsskjema finn du her: