Onsdag 9. oktober (klokka 18) kjem Nils Georg Brekke til Antons kulturhistoriske senter med foredraget “Roser og liljer”. Dette er ein dato historie- eller kunstinteresserte samningar bør merkja seg.
Nils Georg Brekke (75) frå Os er svært kunnskapsrik og ein dugande formidlar. Han var lenge fylkeskonservator i Hordaland, seinare direktør for kulturlandskapssenteret. Han er også kjent for nyskapinga ”Kulturhistorisk vegbok”, og har vore ein pådrivar for institusjonar som Oselvarverkstaden, Lyngheisenteret m.m.
Framleis har Nils Georg Brekke mange jarn i elden. Mellom anna har han laga filmmanus om rosemålingstradisjonen i Midthordland/Os, og er i ferd med å skriva bok om det same.
Styret i historielaget set pris på at Nils Georg Brekke vil koma til Samnanger. I foredraget “Roser og liljer” skal han fortelja om osmålinga – “ein av dei interessante seintradisjonane i Europas folkekunst, ved overgangen til det moderne Norge”. I denne forteljinga spelar samningar ei viktig rolle.
I 1780-åra reiste brørne Sven og Vebjørn frå garden Hammersbøen i Hallingdal vestover på målarferder, slik fleire ungdommar frå Hallingdal og Telemark gjorde på denne tida. I vestlandske fjordbygder drog dei frå gard til gard og prydde skåp og skåler, kister og skrin med roser, liljer og bibelske motiv. På ein av turane har brørne vore innom Tveit og Tveiterås i Samnanger.
Kontakten med hallingane førde til at også Johannes J. Tveiterås (1763–1842) tok opp rosemåling som ei attåtnæring. Sønene hans Nils og Johannes reiste rundt i grannebygdene på målaroppdrag. Nils gifta seg med ei jente frå garden Midthus i Hegglandsdalen, og vart opphavsmann til ein rik rosemålingstradisjon.
Samnanger historielag v/Anne Liv Haukanes