Årsmøte i historielaget

Dagfinn-Malt
Dagfinn Malt kjem også!

 Den 25. februar kl. 19.00, held Samnanger historielag årsmøte på Anton`s kulturhistoriske senter på Frøland. Denne dagen har me fått ein “historisk” radiopersonlegdom til å koma og halda kåseri for oss. Dagfinn Malt har 40 års fartstid i NRK, og dei fleste vil nok kjenna denne stemma frå NRK- Hordaland. “Her er by og Bygdenytt”, kallar han innslaget sitt og seier det er “ein uerbødig radiohistorie om historiar frå eit langt radioliv”. Me gler oss!

Kaffi- og kringlepause skal me også ta oss tid til.

Så kjem årsmøtesakene med val, rekneskap for 2009, budsjett  og aktiviteskalender for 2010.

Nye og gamle medlemer er velkomne!
(Det vert høve til å teikna medlemskap på møtet, for dei som måtte ynskja det..)


Publisert

av

Merkelappar: