Årbok om kraftutbygginga

I høve 100-årsjubileet for kraftutbygginga i Samnanger, handlar årboka for 2009 om denne utbygginga. Det er ei heil lita bok på over 100 sider, og skildrar sjølvsagt sjølve utbygginga, men fevner lagt vidare enn det.

Det vert m.a. fortald om dei store endringane som det vesle bygdesamfunnet på Frøland og Totland gjekk igjennom, om privatskulen på Frøland der borna til “funksjonærane” på kraftverket gjekk og om nokon av dei som måtte flytta då utbygginga kom. Her er samla intervju med fleire som har vore med på anleggsarbeidet, ja til og med ein som var med heilt frå starten i 1909!  Boka har mange bilete frå utbygginga, ein del av dei same bileta som er omtala under “Samnangerkraft i 100 år – Vellukka fotoutstilling”.

Boka er laga med støtte frå BKK. Ho var til sals på Frøland jubileumsdagen 13. juni og seinare på dei vanlege stadene rundt i Samnanger: Kiwi, Spar, banken og Antons kulturhistoriske senter. Ho kan også tingast frå historielaget. Medlemer av historielaget, får boka tilsendt gratis.



Publisert

av