Lars Sævild – komponist og felebyggar

Lars Sævild 1885-1939, bygde fine feler. Torfinn Kolle har tatt vare på formene og utstyret etter han.

Det fins fleire feler etter han i Samnanger. Lars, og broren Andreas 1896-1959, var gode spelmenn, og både to samla og komponerte felemusikk. Lars har mellom anna komponert Samnangervalsen. Etter eit bryllaup i Rosendal, der han var spelemann, kom han tilbake og komponerte Rosendalsvalsen.

Gunnvald Kolle (1925-2009) var søstersonen deira. Han voks opp på Sævild og lærte av onklane. Det er han som spelar i opptaka. Gunnvald var ein god felespelar, og i 2002 spelte han inn 80 låtar for Bjørndalsamlinga.

I 2006 var han med på Høysæter i lag med Peder Ådland og Nils Yndestad og spelte på ei tilstelling historielaget arrangerte i det gamle skulehuset. Historielaget har opptak frå denne konserten.

Gunnvald Kolle tok over garden på Sævild i 1960, i tillegg til garden Vafet/Øygard rett over grensa til Fusa. Såleis var han om lag like mykje i Samnanger som i Fusa. Torfinn Kolle tok over Sævild etter faren i 1984, og han og søskena er opptatt av å ta vare på arven etter Lars og Andreas Sævild. Nå er det sonen Åsmund Kolle og hans familie, som driv garden.

Meir om felebygging i Samnanger.


Publisert

av